Fotballspelarar får hovudskadar, men kor mykje skuldast nikking?

Ei rekke tidligare fotballspelarar har fått alvorlege hovudskadar. Stian Bahr Sandmo granskar kor mykje som kan skuldast nikking. – Om fotball hadde blitt introdusert i dag, ville det overraska meg om ein fekk bruke hovudet på den måten.

Av Kjetil Grude Flekkøy
Publisert 2. des. 2020 07:00 - Sist endra 20. okt. 2023 15:03
Ballens overflatet flates ut i sammenstøte med hodet.

Nikking: Ein slik trøkk mot hovudet, omatt og omatt, er dét årsaken til hovudskadene fleire tidlegare toppspelarar fortel om? Dette vil Stian Bahr Sandmo ha svar på. \ Foto: Dag Vidar Hanstad, NIH.

Det er nokre tragiske historier tidlegare fotballprofilar har kome med dei siste åra. Alle har dei mange år bak seg på fotballbanen, med tallause taklingar og headingar. Og fleire fortel om skadar som gjer dei meir eller mindre invalide, med skadar som sviktande konsentrasjon og hukommelse, svimmelheit, kronisk hovudpine og etter kvart framskriden demens.

— Slike skadar betyr store problem for kvar einskild, for familien deira og samfunnet, seier Stian Bahr Sandmo.

portrett stian

  • 17. desember forsvarer Sandmo doktoravhandlinga si på NIH: Repetitive head impacts in football - Quantifying exposure and assessing outcomes.  (Les avhandlingen her...)
  • Målet er å gje betre måleverktøy for å slå fast kor skadeleg nikking faktisk er.
  • Stian Bahr Sandmo har vore stipendiat ved Senter for idrettskadeforsking på NIH og arbeider nå som lege ved nevrologisk avdeling på Drammen sjukehus.

Strengare reglar

Sjølv om samanhengen mellom nikking og hjerneskadar ennå ikkje er slått vitskapeleg fast, har fleire fotballorganisasjonar allereie innført reglar for å førebyggje fleire. Dei veit frå andre kontaktidrettar og frå studiar av gjentekne hjerneristingar at det er ein samanheng mellom gjentekne slag mot hovudet og skadane mange opplever.

— Det er likevel ikkje heilt enkelt å seie kor skadeleg nikking aleine er. Fleire faktorar enn nikking speler inn på kor godt hjernen fungerer, til dømes slag i samband med taklingar, hendingar utanfor banen, bruk av alkohol eller andre rusmiddel, forklarer han.

Tilsvarande: Kor er terskelen for når nikking gjer skade?

— Det er nettopp dette vi prøver å finne ut av, ikkje minst fordi så mange driv med fotball, også over lang tid.

Han meiner det heller ikkje er heilt opplagt korleis ein bør førebyggje, altså korleis ein best skal unngå mogleg skadelege aktivitetar. Det er til dømes utbreidd tvil om at eit forbod, slik USA (allereie i 2015) og England har innført for ungar under høvesvis 10 og 12 år, faktisk har noko føre seg – sjølv om ungar er meir utsett for skadar enn vaksne.

Det skal vi komme tilbake til.

Talde i Norway cup

I doktorgraden sin har Stian Bahr Sandmo som nemnt arbeidd mest med å finne ein målemetode: Korleis måler ein verknaden av nikking? Og skal ein måle for kvart støyt eller forsøke å måle verknaden samanlagt?

— Ein kan ikkje anslå noko meiningsfullt om verknadene av nikking før ein har ein god måte å måle på. Så enkelt og så vanskeleg er det, seier han — og fortel dei var igjennom alt frå måleinstrument for å måle krefter ved kvart støyt til spørjeskjema om korleis spelarane opplevde støytane kvar for seg og til saman.

— Ein må òg finne ut av kva omfang av nikking som er normalt for ulike aldersgrupper. Først da kan man tolke resultat, byggje statistikk og anbefale førebyggjande tiltak, held han fram.

FAKTA

Det er dokumentert ein samanheng mellom gjentekne hjerneristingar og hjerneskadar.
Ein slik kjent samanheng er mellom anna knytt til hjernesjukdommen «kronisk traumatisk encefalopati» eller CTE, ei form for demens kjend frå både boksing og amerikansk fotball.
Nyleg publiserte britiske forskarar ein studie som viste tre til fire gonger auka risiko for demens hos tidlegere fotballproffar.

For å lage eit grunnlag talde Sandmo og kollegaane hans i 2018 nikking på Norway cup – og såg det i lys av forbodet i USA. Det viste seg mellom anna at ungar under 10 år knapt nok nikkar. Faktisk byrjar dei først å nikke når dei kjem opp i 13-14-årsalderen.

— Med det i mente kan eit slikt forbod som det i USA lett bli symbolsk.

Slag byggjer seg opp

I tillegg har Sandmo undersøkt konkrete hjerneskadar av nikking.

Frå studiar av hjerneristingar veit ein at:

  • Slag av ein viss styrke gjev støytskadar på hjernen, som med anna vev.
  • Slag av ein viss styrke fører til forbigåande forstyrringar i elektriske prosessar i hjernen og nokon gonger òg til diffuse skadar på nervefibrane.
  • Skaden kjem an på kva akselerasjonskreftar som er i sving og korleis desse påverkar ulike område i hjernen.
  • Det er vanskeleg å fastslå nøyaktig skade berre utifrå korleis støyten eller uhellet såg ut.
  • Barn er meir utsette enn vaksne, og jenter er litt meir utsette enn gutar.
  • Gjentekne skadar kan ha ein akkumulativ effekt, altså at skadane legg seg oppå kvarandre – akkurat som med soling, røyking eller eksponering for løysemiddel – men det er store forskjellar frå person til person.

— Hjernen har ei fantastisk evne til å la nye område ta over for skadde, men jo større skadane er, jo vanskelegare blir denne jobben, seier han.

Alvorlege følgjer

Og langtidseffektane kjem altså gjerne an på kva ein har «samla opp». Her skil ein gjerne mellom

  • langvarig hovudpine, svimmelheit og konsentrasjonsvanskar (òg kalla «post-commotio-syndrom»)
  • Nevro-degenerative sjukdomar som Alzheimer, Parkinson, ALS, CTE. Fleire av desse har «demens» som endestasjon, ein tilstand som i liten grad lar seg behandle. Som person blir ein aldri den same igjen.

I samband med avhandlinga si har Sandmo og ei gruppe kollegaer gjennomført to studiar:

RepImpact undersøkte dei hjernen hos 14-17-åringar med mellom anna MR på jakt etter skadar etter nikking. Resultata herifrå er ikkje klare.

I den andre studien såg dei på nikking og hovudskadar hos tippeligaspelarar. Ved hjelp av blodprøver målte dei nivåa av mellom anna tau-protein.

Tau-proteina gjer en viktig jobb inni nervecellene, men jo meir ein finn «laust» utanfor cellene etter ein hovudstøyt, jo større strukturell skade kan ein anta at hjernen har vorte utsett for.

HISTORIER FRÅ FOTBALLEN

Dei er etter kvart mange, historiene frå tidlegare toppspelarar som slit med hovudskader. Ein eventuell årsakssamanheng er det Stian Bahr Sandmo har arbeid med.

Faren ble dement av fotballen: — Vi visste at han ikke kunne være den eneste
Wæhler åpen om frykten: — Ordene forsvant under intervju
Fotballspillere med økt fare for hjerneskade: — Ikke noen kul situasjon

– I tillegg, når skadde tau-protein brytast ned og hopar seg opp inni cellene, gjer dei skade der. Opphopinga kan mellom anna gje kroniske betennelsesreaksjonar og bidra til utviklinga av alvorlege lidingar som CTE og Alzheimer.

Uvisst kor mykje som skal til

— Såleis kunne vi studere førekomsten av strukturelle hjerneskadar og om dei skuldast (1) ei treningsøkt med mykje nikking og/eller (2) hovudskadar i kamp, forklarer han.

Men dei fann ingen strukturelle skadar, altså ingen synlege skadar.

— Likevel, dette fortel ikkje nødvendigvis heile historia. Målingane er langt ifrå perfekte, og det må også gjennomførast studiar der vi bruker MR eller andre høgteknologiske metodar, seier Sandmo.

Mengda av desse proteina er altså ikkje noko presist mål. Studiar i amerikansk fotball og boksing har vist slike samanhengar tidlegare, men der er hovudskadane annleis enn i fotball. — Så vi veit førebels ikkje nok om kva som eigentleg skal til.

Vil beskytte spelarane

— Mykje tyder på at både amerikansk fotball og for all del boksing er betydeleg meir risikabelt. Der går det jo hardt for seg på fleire måtar, med relativt hyppige hjerneristingar. Men det er uansett viktig å finne ut av risikoen ved gjentekne, lettare hovudstøyter, slik som ved nikking.

— Men medan tida går risikerer ein jo at stadig fleire blir skadd? Er løysinga å forby nikking?

— Det må andre avgjere, men det er mange moglegheiter, seier Sandmo.

Han peiker på at det i prinsippet ville vært enkelt berre å slutte å nikke. På den andre sida er fotball ein enorm idrett, så det er ikkje så realistisk å endre idretten over natta.

Han meiner det uansett vil være fornuftig å starte med reglar som flest mogleg kan og vil følgje, som regelendringar som reduserer hovudskadar. Som med høge albuar, som allereie gjev raudt kort og har ført til ein reduksjon i hovudskadar.

— Spelarar som får ein smell i hovudet må undersøkjast grundig av helsepersonell, og desse må få god tid til undersøkingane sine. Og da gjeld prinsippet «when in doubt, sit them out». Her har det blitt synda mykje.

Han seier skadde spelarar òg må følgjast tett også etterpå, så dei kan returnere gradvis og kontrollert til idretten.

— Ein anna løysing som har vore diskutert, er å gje laga eit ekstra bytte om nokon må ut med mogleg hovudskade. Det kunne lette noko av presset på både trenarar, helsepersonell og spelarane sjølve.

Slike debattar går allereie for fullt i fleire av dei store fotballorganisasjonane. Særleg i England har slikt vore høgt på dagsordenen den siste tida.

Ville neppe tillate

Uansett meiner Stian Bahr Sandmo det er viktig å sette alt i perspektiv.

— Ein skal hugse at fotball òg fører svært mykje positivt med seg, ikkje minst som kjelde til fysisk aktivitet og sosialisering.

I den skotske studien, der ein altså såg høgare førekomst av hjerneskadar hos gamle fotballspelarar, såg ein òg noko positivt og viktig: Dei levde lenger, hadde mindre av hjarte- og karsjukdomar og mindre lungekreft.

— Uansett er det ein interessant tanke, at om ein hadde introdusert fotball i dag, med det ein no veit, da hadde eg blitt overraska om ein hadde tillate slik bruk av hovudet – som vi alle er så vande med i dag.

Emneord: Institutt for idrettsmedisinskfag