Unge blir like gode med mindre slit

Unge i uthaldsidrettar kan like gjerne trene variert og teknisk enn å bale med til dømes harde intervall. Resultata på banen eller i løypa blir like bra med anna og kanskje meir morosam uthaldstrening, og det kan òg redusere fråfallet.

Av Kjetil Grude Flekkøy
Publisert 3. des. 2020 07:00 - Sist endra 20. okt. 2023 11:24
Lab-måling av maksimalt oksygenopptak hos tenåringsjente

Hege Elisabeth Wilson Landgraff er tilknytta Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH. \ Foto: NIH

Ein ny studie syner at uthalds- eller kondisjonstrening, som er avgjerande i mange idrettar, verker annleis på unge i puberteten enn på vaksne.

Variasjon og teknikk     

– Kondisjon og oksygenopptak er viktig, men i staden for å køyre store mengder av til dømes intervalltrening, kan ein heller drive variert trening med teknikk og koordinasjon og la det at ungane veks ta seg av å auke oksygenopptaket.

Det seier Hege Wilson Landgraff, som har studert korleis uthaldstrening verkar på 12-16-åringar.

Studien syner at unge som veks har like god effekt av variert trening med mykje teknikk og koordinasjon som til dømes stri intervalltrening. Dei får utvikla uthaldet sitt like bra med variert trening, syner studien. Og meir variert treninga blir fort morosamare slik at færre vil falle ifrå.

– Men skal du bli god, kjem du ikkje unna å trene, og du må trene mykje, seier Landgraff.

Aukar kondisjonen utan trening

Hege Wilson Landgraff har samanlikna effekten av ulike typar trening. Ei gruppe som trente mykje uthald eller kondisjon blei samanlikna med ei gruppe som trente omlag like mange timar, men mykje meir variert, med meir teknikk og mindre uthald.

Ho har studert om utøvarane i dei to gruppene utvikla seg ulikt med omsyn til maksimalt oksygenopptak, blodvolum og hjartestørrelse – og kva det betyr for kondisjonen.
Og kva ho har funne ut at betyr mest? At ein veks, og at det er enda meir avgjerande enn man skulle tru.

KONDISJON

Kondisjon er det same som det maksimale oksygenopptaket, og det fortel kor mykje oksygen kroppen maksimalt kan ta opp for kvar kilo kroppsvekt kvart minutt.

Det er det maksimale oksygenopptaket som i stor grad avgjer prestasjonen i kondisjonsidrettar.

UTHALD er eit vidare begrep der òg andre forhold som styrke og til dømes øving i ein spesiell bevegelse speler inn.

Gjennom puberteten kan barn vokse meir enn 10 cm og auke vekta med meir enn 10 kg på eitt år. Når vekta aukar frå under 40 til over 60 kg i løpet av tre år, må også heile kroppen justerast, i alle fall om barna fortsatt skal prestere like bra som før i langrennssporet eller på fotballbanen.

– Skal barna oppretthalde kondisjonen, må storleiken på hjarte og volumet av blod auke tilsvarande som vektauka, forklarer Landgraff. – Og denne justeringa i hjarte og blod skjer heilt av seg sjølv, heilt utan at ein treng trene!

Ingen ekstra effekt av kondistrening

Landgraff seier dei fleste barna dei studerte var aktive i idrett. Nokon har trent mye, og da blir dei sjølvsagt flinkare og presterer gjerne betre når dei er 15 enn da dei var 12. Noko trening har som mål at barna skal bli flinkare teknisk, og teknikken forbetrast mykje i denne alderen. Men noko av treninga skal mest auke kapasiteten gjennom auka oksygenopptak og muskelstyrke.

– Vi spurte oss sjølve: Når hormonelle endringar døgnet rundt får både storleiken på hjertet og blodvolumet til å auke så mykje, kor mykje betyr da nokre timar med kondisjonstrening?

Det var sjølve grunnlaget for dette langvarige og krevjande prosjektet, som starta allereie i 2013.

– Og vi fann ut at – motsett av det som er tilfelle hos vaksne – så lenge barna var aktive nokre timar i veka, ga ikkje kondisjonstrening nokon ekstra effekt på korkje hjerte, blod eller kondisjon.

PRESTASJONANE

Prestasjonane hos barn som veks aukar i takt med alderen. Dette skjer heilt utan trening fordi til dømes hjartestorleik, blodvolum og muskelmasse aukar med seksuell modning og auka i vekt og høgde.

Muskelstyrke, anaerob kapasitet og maksimalt O2-opptak følgjer med. Tidleg utvikla gutar er høgare, tyngre og meir muskuløse enn dei seint utvikla.
De gutane som presterer best i puberteten er såleis ofte tidleg utvikla og større.

Kan senke skuldrane

– Så kondisjonstrening for unge er eigentleg bortkasta? Ein berre veks seg god?

– Nei, slett ikkje. Men ein kan like gjerne trene på andre og meir varierte måtar enn berre å drive med einsidig kondisjonstrening, ein kan ein ha meir moro på trening, seier ho.

Det betyr òg at dei som trenar barn med fordel kan leggje opp treningane annleis, med meir vekt på det som er morosamt.

– Trenarar og kanskje foreldre kan senke skuldrane når det gjeld varigheit, tal og intensitet på treningane. Det er ingen grunn til at prestasjonane i sporet eller på banen vil lide korkje på kort eller lang sikt fordi hardtreninga gjennomførast som stafett i staden for intervalldrag, seier ho.

– Da er det rimeleg å tru at færre da òg vil falle ifrå, og det er jo i seg sjølv eit viktig mål i idretten.

Stor fordel for gutane

Men studien viser òg at det er skilnad på gutar og jenter. Gjennom puberteten aukar gutane prestasjonane sine mykje meir enn jentene gjer. Men det har sin heilt naturlege forklaring, ifølgje Landgraff.

– Gjennom puberteten får gutar meir testosteron i kroppen, og dei legg på seg meir musklar. Jenter aukar også muskelmassen, men i tillegg aukar feittprosenten deira, seier ho. Ei slik endring i kroppssamansetning er heilt naudsynt om jenter skal utvikle seg normalt. – Skjer ikkje det, har det andre negative konsekvensar i kroppen. Men på grunn av dette vil ofte jenter i denne fasen oppleve at prestasjonane stagnerer, men da er det viktig å vite at dette er heilt normalt.

STUDIEN

Hege Wilson Landgraff har studert ei blanda forsamling. Ho har følgt dei same ungane over fleire år, frå dei var 12 til dei var 16, og ungane i denne alderen er svært ulikt utvikla. Høgda på 13-åringane hennar varierte med opp imot ein halv meter, og den lettaste veide 50 kilo mindre enn den tyngste.

Frå ho byrja på prosjektet i 2012 har ho dels følgt og målt ungdom som dreiv aktivt med langrenn , dels ungdom som dreiv med andre idrettar med mindre fokus på kondisjonstrening, hovudsakleg lagidrettar som fotball og handball.

I tillegg til maksimalt oksygenopptak har Hege Wilson Landgraff studert korleis trening slår ut på blodvolum, mengda hemoglobin (raude blodlegeme) og blodplasma – og meir fysiske mål som volumet på musklar og feitt.

– Det er derfor fleire jenter enn gutar sluttar med idrett i ungdomstida?

 

– Nettopp. Dei oppdagar at dei ikkje lenger heng med gutane dei tidlegare jamvel kunne slå. Det skuldast at jenter og gutar veks ulikt. Medan kroppsvekta aukar omtrent likt, utgjer musklar meir av auka hos gutar og feitt meir hos jentene. Det er slik frå naturen si side, forklarer ho. – Når gutane dermed har meir kraft til å flytte same vekt, blir det sjølvsagt tyngre enn før å henge med for jentene.

Med mindre muskelmasse har jentene teknisk sett òg eit lågare O2-opptak. Men om ein reknar på det og deler O2-opptaket på muskelmassen deira, forsvinn kjønnsskilnadene.

– Det er med andre ord berre den ulike kroppssetninga hos dei to kjønna som utgjer skilnaden.

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne