Her analyserer Petter detaljane for alpinlandslaget i VM

Samarbeid mellom NIH og Norges Skiforbund gir alpinistane verdifull innsikt i VM. - Målet er å gje tilbakemeldingar som kan forklare prestasjonen til utøvarane, forklarer Petter Jølstad.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 13. feb. 2023 07:00 - Sist endra 27. okt. 2023 13:24
Mann foran pc og analyse av alpint

Petter Jølstad er stipendiat ved NIH og tar doktorgrad innanfor "Tracking" teknologi og prestasjonsanalyse ved institutt for fysisk prestasjonsevne. Han jobbar også samtidig i Norges Skiforbund for å hjelpe Norge til å vinne medaljer. \Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø. 

På eit lite kontor innanfor det største laboratoriet på NIH sitt stipendiat Petter Jølstad framfor tre skjermar. 

Snart skal alpinistane jakte medaljar i storslalåm. Det som skjer her på kontoret kan vere ei lita brikke i alt som skal klaffe, for at ein norsk utøvar tar turen opp på pallen.

Kor vann eller tapte Kilde tid?

Om Aleksander Aamodt Kilde ligg 60 hundredelar bak etter første omgang, analyser Jølstad kor i løypa det kan ha skjedd. 

– Det er det me leitar etter. Var det ein spesiell stad eller sving tida blei tapt og kven av konkurrentane køyrde best akkurat der.

Han brukar TV-bilda, mellomtider og analysedata som ikkje TV-sjåarane har tilgang på. I pausa sender dei analysedata til trenarane i VM-byen i dei franske alpar.

– Me gjev berre data til trenarane, så er det opp til dei kva dei vil bruke det til. Målet er at dei kan bruke det til å førebu seg til andre omgang og sjå kva dei eventuelt må justere for å klatre på lista, seier Jølstad og legg til:

– Me prøvar å gje meir inngåande analyse på enkelte stader i løypa. Da kan dette bli ei bekrefting på at her har utøvarane køyrd bra, eller her har ein tapt tid.

Kamera i forgrunnen som tar bilde av utforløype på andre sida avd dalen.
Under fartsdisiplinane tidlegare i VM var også fleire frå NIH på plass i Frankrike. På andre sida av dalen stod Matthias Gilgien og Per Haugen og filma utfortreninga for å kunne analysere før konkurransen. Dei to har begge ei stilling i skiforbundet i tillegg til å vere tilsett på NIH. \Foto: Matthias Gilgien.

Gi sjølvtillit 

Han beskriver seg sjølv som ein del av "støtteapparatet til støtteapparatet"

Sjølv om det er langt frå tåka på Sognsvann til solfylte franske alpar, kan akkurat desse tilbakemeldingane vere viktige for om Kilde, Mowinckel eller dei andre norske medaljehåpa klarer å klatre opp på pallen eller halde på leiinga i finaleomgangen.

– Det er jo det ein håpar på. At nokon av tilbakemeldingane gjer at dei får sjølvtillit, slik at dei kan angripe andre omgang eller neste konkurranse på best mogleg måte, seier Jølstad som vil understreke at utøvaren fortener all ære om det skulle klaffe.

– Utøvarane gjer alt, og trenarane legg til rette for dei. Så prøvar me å legge til rette for dei igjen. 

I helga sitt Jølstad igjen klar på kontoret for å analysere slalåmrenna til Lucas Braathen og Maria Tviberg og resten av gjengen.

Viktig samarbeid

Analysejobben under VM er eit eksempel på samarbeidet mellom Norges idrettshøgskole og Norges skiforbund. 

Jølstad er ein av fleire som i tillegg til jobben på NIH er tilsett i ei mindre stilling hos skiforbundet. 

– Ein idrett som alpint har store analysebehov. Dei treng folk som både kan idrett, teknologi og forskingsmetodene. For oss på NIH er det også gunstig. Gjennom samarbeidet med landslaget veit me kva type forsking som er relevant og idretten har behov for, seier Matthias Gilgien.

Saman med Per Haugen jobbar han ved institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH, og har også vore tilknytta alpinlandslaget i fleire år.

Trenaren må finne årsaken

Dei to var på plass under første del av VM i Courchevel. Da  tok dei beina fatt og filma utforløypa frå andre sida av dalen. 

– Me analyserer treningane og gir informasjonen om kva slags svingar og punkt i løypa løparane vinn eller tapar tid. Så er det opp til trenarane og finne årsaken og kommunisere vidare til utøvaren, seier Gilgien.

Utforløypa i VM sett frå andre sida av dalen.
Slik såg utforløypa for kvinner ut frå andre sida av dalen der Gilgien og Haugen filma. Her får dei ein heilt anna oversikt enn på TV-bilda. Kvart einaste utforrenn i verdscupen blir analysert på denne måten. 

På kvart einaste fartsrenn Aleksander Aamodt Kilde og resten av gjengen køyrer i verdscupen blir utfortreningane analysert på denne måten. 

Kan slå konkurrentar med større ressursar

Samarbeidet mellom NIH og skiforbundet blir leia av ansvarleg for Sport Science for alpinlandslaget, Robert Reid.

– Analysearbeidet er så viktig for oss—det er kjernen i vår strategi for utøvarutvikling der me brukar kunnskap frå analyser for å prioritere kor me skal rette fokus. Ved å sette våre avgrensa ressursar på dei tinga som gir størst utslag på resultatlista så kan vi slå konkurrentar med langt større midlar, seier Reid som sjølv har master og doktorgradsutdanning frå NIH.

Han seier samarbeidet også handlar om mykje meir enn analysedelen.

– Det handlar også om å gje studentane ei unik utdanning der både det faglege og praktiske er prioritert høgt. 

Du kan sjå meir av jobben dei gjer i NRK-programmet "Vitenskapen bak medaljen" frå 2019.

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne, alpint