Kan denne biffen gje eldre ein betre alderdom?

Ein ny yoghurt, ein smøreost og ein spesiell biff er alle utvikla for at eldre skal få i seg meir protein. Men forskarane treng fleire deltakarar, både under 40 og over 70 år, for å kunne gje eldre dei svara dei håpar på.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 15. mai 2023 08:00 - Sist endra 20. sep. 2023 15:21
Eldre mann et biff og potetmos.

Kvar testdag inneheld eitt av dei nyutvikla produkta. I dag står biff på menyen for Hans Dieter Muschiol og resten av deltakarane. \Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø.

Klokka er berre 08.30, men Hans (78) er alt i gang med eit biffmåltid utanfor laboratoria på NIH. 

Han er ein av deltakarane som skal bidra til å teste tre nyutvikla produkt med høgt proteininnhald som skal bidra til å betre kosthaldet til eldre. 

– Eg prøvar jo å hjelpe til, og håpar at dette kan hjelpe andre eldre. Resultata blir veldig spennande å fylgje, og opplysningane som kjem vil eg ta med meg. Heilt klart, seier 78-åringen før han går laus på biffen med potetmos og brun saus.

Eldre mann et biffmåltid.
Hans Dieter Muschiol oppdaga forskingsprosjektet på Facebook og såg det som ein moglegheit til å lære meir om korleis halde seg sunn. Han er inne på sin andre testdag og ser fram til å høyre om resultata. 

Kan halde oss friske lenger

Elise Lander er doktorgradsstipendiaten bak dette store prosjektet med namnet "Eat4Age".

– Om vi klarar å finne måtar å få i oss meir protein som gjer at vi held oss friske lenger, vil det få betydning for både yngre og eldre, seier Lander.

Denne dagen er fire personar inne på testdag på Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH og Lander har det travelt for å koordinere at alt skjer når det skal.

På veggen heng eit skjema med tidspunkta forsøkspersonane skal få i seg måltid, svare på spørjeskjema og ta prøver.

Dei skal gjennom mellom anna blodprøver, muskelbiopsiar (eit inngrep der ein tar vevsprøver frå ein muskel) og skal ha pausar utan sosial interaksjon. 

Akkurat denne dagen er det eit biffmåltid som står på menyen.

Men verken ho eller deltakarane veit om det er eit vanleg kjøtstykke eller ein biff som har blitt lagt til meir protein og blitt tilpassa slik at han skal vere enklare å ete.

Mange eldre slit med appetitten

Lander veit at mange eldre slit med å få i seg dei viktige næringsstoffa dei treng. Nokre slit med matlysta, andre får dårlegare tenner, har sårheit rundt munnen eller tar medisinar som påverkar appetitten. 

Å få i seg for lite protein kan føre til at musklane blir mindre og at dei fungerer dårlegare.

– Desse produkta kan forhåpentlegvis vere med å førebygge. Viss ein får i seg nok protein så vil kanskje ikkje aldringsprosessen bli den same. Det å ha ein sunn muskulatur vil mellom anna gjere at det tar lenger tid før ein treng hjelp til å klare seg, seier Lander.

I prosjektet testar deltakarane ein smøreost, ein yoghurt med karamellsmak og ein biff som alle har fått lagt til meir protein.

Prosjektet er eit europeisk samarbeid og produkta er utvikla i Frankrike, Irland og Noreg.

Nysgjerrig på kva dei finn ut av

Nicholas Røkenes er student og ein av dei andre deltakarane som er inne denne dagen.

– Det er spennande å vere med og eg er veldig nysgjerrig på kva dei skal finne ut av. Nå får eg sjå kva professorane mine gjer når dei ikkje underviser, seier Røkenes.

Student sit ved eit bord.
Nicholas Røkenes er student på bacheloren "Trening, helse og prestasjon" på NIH. Han ville vere med som deltakar i prosjektet for å lære meir om forsking i praksis. I dag har professoren hans Truls Raastad tatt muskelbiopsi på han.

For sjølv om forskinga er om eldre menneske, treng dei likevel like mange deltakarar mellom 20-40 år.

Grunnen er at ein vil sjå om produkta har ulik effekt på dei to aldersgruppene.

– Sjølv konkurrerer eg i styrkeløft og her prøvar dei jo å sjå om dei kan optimalisere maten meir slik at ein kan ta opp meir protein. For meg som prøvar å maksimalisere det sjølv er det spennande å lære meir om, forklarer Røkenes som har fått god tid til å lese til eksamen innimellom testinga.

Betre alderdom her og nå

Forskingsgruppa treng mellom 45-60 personar frå dei to aldersgruppene. Kvar deltakar må sette av to dagar og gjerne fleire, slik at dei får testa fleire av produkta. 

Portrettbilde av Elise
Elise Lander har bachelor og mastergrad i idrettsvitskap frå Noregs idrettshøgskole. Dette prosjektet er ein del av doktorgradsprosjektet hennar.

Resultata kan bety mykje for oss alle.

– Dette er ikkje forsking som fyrst vil ha noko å seie om 20 år eller meir. Dette er mykje meir aktuelt og kunnskap som kan bidra til å gje eldre ein betre alderdom her og nå, seier Lander.