Ny internasjonal studie: Korte økter med høg intensitet kan fjerne risiko for sjukdom

Personar med bukfedme kan ha mykje igjen for å trene med høgare intensitet, viser ny studie. Ein drøy halvtime i veka kan vere nok.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 30. nov. 2023 13:35 - Sist endra 12. feb. 2024 15:47
Bildet kan inneholde: anlegg, himmel, mennesker i naturen, blad, naturlig landskap.

Å bytte ut gåturen med ein joggetur kan ha stor effekt på risikoen for sjukdom om ein har fedme, viser ny studie. Foto: Colourbox. 

Hjarte- og karsjukdommar er ein av dei vanlegaste dødsårsakene i verda. Og fedme er ein av dei store risikofaktorane.

I ein ny stor internasjonal studie var forskarane interessert i å sjå om det er mogleg å fjerne risikoen for hjarte- og karsjukdommar heilt for dei som har for mykje av det farlege feittet rundt midja.

Bytt ut gåtur med lett jogging

Både Miguel Adriano Sanchez-Lastra, forskar på NIH (postdoc) og Ulf Ekelund, professor på NIH har vore med på studien. Der kjem det fram at økter med høg intensitet kan utgjere ein stor forskjell for personar med fedme.

– Det kan bety ein treng betrakteleg mindre tid for å oppnå store helsefordelar om ein er aktiv med høg intensitet, seier Sanchez-Lastra.

Eit eksempel kan vere å bytte ut gåturen med lett jogging eller litt hardare svømming og sykling.

Han fortel at resultata tyder på at dette kan vere særleg relevant i samanheng med bukfedme, som er ein stor risikofaktor for hjarte- og karsjukdommar.

I artikkelen som nyleg er publisert i British Journal of Sports Medicine kjem det fram at omtrent 30-35 minuttar med fysisk aktivitet med høg intensitet kan motverke risikoen ein har for hjarte- og karsjukdommar om ein har bukfedme.

– Deltakarar med bukfedme som var i mykje aktivitet med moderat til høg intensitet hadde ikkje større risiko for å døy eller å utvikle hjarte- og karsjukdommar, enn deltakarar utan bukfedme. Men for å oppnå dette resultatet, var tida som var nødvendig i moderat til høg intensitet, i motsetning til berre høg intensitet, 15 gonger meir, fortel Sanchez-Lastra.

Kan påverke førebygging

Ulf Ekelund har sjølv vore med på å lage dei siste anbefalingane frå WHO om fysisk aktivitet som kom i 2020. Da var anbefalinga at vaksne bør vere i moderat fysisk aktivitet i 150 til 300 minutt i veka eller 75 til 150 minuttar med intens fysisk aktivitet i veka for å oppretthalde god helse.

– I denne nye studien ser vi altså at vi får betydeleg mykje meir igjen for kraftig intensitet samanlikna med moderat intensitet enn anbefalingane frå WHO seier, fortel Ulf Ekelund til forskning.no.

Medforfattar Sanchez-Lastra meiner at funna frå denne studien kan påverke korleis ein jobbar med førebygging framover.

– Framtidige anbefalingar kan prioritere små mengder fysisk aktivitet med høg intensitet hos personar med fedme. Det er meir tidseffektivt og også truleg meir gjennomførbart, meiner han.

Data frå ein halv million personar

Forskarane har brukt data frå UK Biobank. Dette er eit stort og langsiktig, britisk forskingsprosjekt som har data frå i alt 500.000 personar. I denne studien har 71.000 personar vore med, og dei var i gjennomsnitt 61,5 år. Alle har i ein periode gått rundt med eit armband som har måla aktiviteten deira i løpet av døgnet.

Deltakarane blei fylgd i nærmare sju år for at forskarane også skulle kunne registrere sjukdom dei blei ramma av i løpet av perioden.


Kjelde

Miguel Adriano Sanches-Lastra m. fl:  Joint associations of device-measured physical activity and abdominal obesity with incident cardiovascular disease: a prospective cohort study, British Journal of Sports Medicine, november 2023

Emneord: Institutt for idrettsmedisinskfag, folkehelse, fedme, sykdom