Kvifor blir nesten alle volleyballspelarar skada i løpet av ein sesong?

Nesten alle elitevolleyballspelarar får ein kne, skulder eller ryggskade i løpet av ein sesong. PhD-kandidat Chris Skazalski har gjort eit djupdykk i korleis og kvifor volleyballspelarane på toppnivå skadar seg.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 15. mars 2023 05:00 - Sist endra 28. nov. 2023 14:01
Kvinnelege volleyballspelarar i lufta framfor nettet.

PhD-kandidat Chris Skazalski har mellom anna analysert hoppa til 12 elitevolleyballspelarar gjennom ein heil sesong. \Foto: Colourbox.com

Volleyballspelarar er svært utsett for ankel-, kne-, rygg- og skulderskader. Kvifor får akkurat dei desse skadene? 

– Volleyball har tradisjonelt sett ikkje mange skader som held ein borte frå trening, men me har sett svært mange spelarar spelar med kne-, korsrygg og skulderplager som reduserer prestasjonen, seier Chris Skazalski.

Portrett Chris

Fleire skader enn forventa

I forskinga si har doktorgradsstipendiaten fokusert på å identifisere ulike faktorar som fører til vanlige ankel-, kne- og skulderproblemer i volleyball.

Han har brukt video, spelopptak og bevegelsessporingsteknologi for å finne ut kva som forårsaker desse skadene.

Les heile avhandlinga "Understanding volleyball injuries: The etiology and burden associated with the sport’s most common injuries".

Kvart einaste hopp ein spelar har gjort gjennom kamp og trening har blitt analysert.

For eksempel har han sett på hoppa til 12 profesjonelle volleyballspelarar gjennom ein heil sesong. Dei har blitt tidfesta og sett grundig på.

Teamet har også analysert 24 skader som har oppstått i store internasjonale volleyballturneringar.

Forskinga avdekka at skadefrekvensen var høgare enn forventa. For å forebygge burde apparatet rundt sjå meir på hoppbelastninga spelarane har gjennom trening og kamp, meiner Skazalski.

– Meir forsking er nødvendig på dette området, men viss det var meg ville eg ha jobba tett med utøvarane mine og spesielt overvake dei utøvarane som har eller hatt problem. Eg ville ha sett på hoppbelastninga spelarane har og sjå om plagene endrar seg i forhold til hoppbelastninga, forklarer han. 

Ungdommer spiller volleyball
Det var større skaderisiko enn forventa blant elitevolleyballspelarar. Nå håpar doktorgradsstipendiaten å kome med anbefalingar for å førebygge skader. \Foto: Colourbox.com

Mange fellestrekk

Nesten alle elitevolleyballspelarar for menn opplevde nemleg problem med nedre rygg, skulder eller knea i løpet av ein gitt sesong. 

Dei fleste hadde minst ein kamp som reduserte treningsdeltakinga eller sportsprestasjonene betydeleg, og nesten halvparten av spelarane spelte gjennom ein kombinasjon av korsrygg- og skulderplager kvar veke.

Dei spelarane som opplevde skader før sesongen heldt fram med å ha fleire problem under konkurransesesongen enn lagkameratane. 

Var det nokre fellestrekk for korleis dei skada seg?

Definitivt. 

Blei skada av eigne lagkameratar

Mens han undersøkte ankelskader, oppdaga Chris at den angripande spelaren svært ofte hadde skulda for skader ved nettet.

Anten ved at spelaren kryssa midtlinja, eller at spelaren frå bakre rad landa på ein lagkamerat ved nettet. 

Spelarane blei med andre ord ofte skada av sine eigne lagkameratar.

23. mars presenterer han funna sine frå sin doktorgradsavhandling ved NIH. Disputasen er open for publikum og blir også strømma på YouTube.

Prosjektet har blitt gjort i samarbeid med Aspetar Othopaedic and Sports Medicine Hospital i Doha, Qatar. 

Publikasjonar

Avhandlinga er basert på fylgjande artiklar: 

  1. Skazalski C, Kruczynski J, Bahr MA, Bere T, Whiteley R, Bahr R. Landing-related ankle injuries do not occur in plantarflexion as once thought: a systematic video analysis of ankle injuries in world-class volleyball. Br J Sports Med. 2018;52:74-82. doi: 10.1136/bjsports- 2016-097155
  2. Skazalski C, Whiteley R, Hansen C, Bahr R. A valid and reliable method to measure jumpspecific training and competition load in elite volleyball players. Scand J Med Sci Sports. 2018;28:1578-1585. doi: 10.1111/sms.13052
  3. Skazalski C, Whiteley R, Bahr R. High jump demands in professional volleyball – large variability exists between players and player positions. Scand J Med Sci Sports. 2018;28:2293-2298. doi: 10.1111/sms.13255
  4. Skazalski C, Bahr R, Whiteley R. Shoulder complaints more likely in volleyball players with a thickened bursa or supraspinatus tendon neovessels. Scand J Med Sci Sports. 2021;31:480-488. doi: 10.1111/sms.13831
  5. Skazalski C, Whiteley R, Sattler T, Kozamernik T, Bahr R. Playing with pain: knee, low back, and shoulder problems rampant among university and professional volleyball players. (Manuscript in submission. 2022)