Nye EU-midlar til forsking på vektregulering og aktivitet

Kan fysisk aktivitet motverke vektoppgang i spesielle periodar av livet? Det skal professor Ulf Ekelund forske på etter å ha fått finansering frå EU.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 12. juni 2023 08:00 - Sist endra 20. nov. 2023 17:46
Fire middelaldrende, blide menn som jogger

Overgangen til pensjonsalderen kan vere ein av livsfasene der ein er meir utsett for vektoppgang enn andre. Foto: Adobe Stock

NIH har fleire store forskingsprosjekt som er finansiert med midlar frå EU.

Nå har enda eit prosjekt fått klarsignal og blir finansiert med over 800.000 euro. 

Overgangar spesielt utsett

– Den arbeidsgruppa eg leiar skal prøve å finne ut om fysisk aktivitet kan motverke utvikling av overvekt og fedme i periodar i livet når individ kan vere ekstra utsette for vektoppgang, seier ha.

Han nemner dei første leveåra, overgangen frå ungdom til ung vaksen og til pensjonsalder som livsfaser som kan vere sårbare.

– Vi skal også i samarbeid med Universitetet i Amsterdam undersøke kva kostfaktorar som er viktige for å motverke usunn vektoppgang. Deretter skal vi formulere anbefalingar for fysisk aktivitet, stillesitjingstid og kosthald.

Viktig signal 

– Kva betyr enda ei tildeling av EU-midlar for NIH?

– Eg tenkjer at det viser at NIH kan vere med i internasjonale konsortium som er konkurransedyktige på EU-nivå. Dette er eit viktig signal både internt og eksternt. NIH er ein forskingsinstitusjon som ligg i den absolutte frontlinja på fleire område, seier Ekelund som nemner forsking på den fysiska aktivitetens betydning for helsa som eitt av dei.

– Eg håpar at dette ytterlegare bidrar til NIH sitt gode rykte som ein framståande forskingsinstitusjon og at dette stimulerer andre internt til å søke EU-midlar, seier Ulf Ekelund.

Det totale budsjettet for prosjektet er 10,5 millionar euro, medan NIH sin del er 800.000 euro.