Testar lungehelsa til gamle idrettsstjerner: – Viktig å stille opp på

Svært mange av topputøvarane våre på 90-talet fekk påvist astma. Korleis er dei prega etter karrieren? Tidlegare landslagsspelar Solveig Gulbrandsen er ein av mange som blir testa. 

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 1. des. 2023 11:08 - Sist endra 1. des. 2023 11:16
Bildet kan inneholde: vitenskap, engineering, begivenhet, service, forskningsinstitutt.

Masterstudent Liza Marie Norum Wanda er med i forskingsgruppa som testar tidlegare topputøvarar. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø/NIH.

– Eg likar jo når det er målinger som seier at eg er litt over snitt. Har jo litt konkurranseinstinkt, gliser Solveig Gulbrandsen.

Den mangeårige landslagsstjerna med mellom anna OL-gull på merittlista tek i alt ho har når ho bles i det forskjellige instrumenta på laben på NIH.

Vil ha utøvarar som deltok i OL i Beijing og Vancouver

Nå skal 42-åringen få svar på korleis lungehelsa er seks år etter at ho la opp som fotballspelar i heimklubben Kolbotn. Gulbrandsen føler at ho bidreg til eit viktig prosjekt.

– Det å kartlegge, og finne ut og få forska på korleis det har vore å vere toppidrettsutøvar. Og sjå kva slags skader, og kva ein kan unngå da og ta meir omsyn til er jo veldig viktig, seier Gulbrandsen. 

I prosjektet vil forskarane ha inn utøvarar som deltok i sommar-OL i Beijing i 2008 som Gulbrandsen som del av fotballandslaget.

20 prosent av utøvarane som deltok i Beijing-OL i 2008 fekk påvist astma. Og heile 50 prosent av utøvarane som deltok i vinter-OL to år etter i Vancouver. Derfor er desse utøvarane spesielt interessante å undersøke.

Bildet kan inneholde: væpne, helsevesen, sikkerhetshanske, helsepersonell, medisinsk assistent.
Monica Holmsve er lege og stipendiat på prosjektet og Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH. Her tek ho prøver av Solveig Gulbrandsen.

Mange av landslagsutøvarane som var aktive på 90-talet testa lungefunksjonen på Olympiatoppen og NIH i perioden 1993-2016. Desse vil forskarane gjerne teste igjen.

– Me ser på veldig mykje forskjellig, og håpar me kan bli litt klokare på kvifor nokon blir veldig plaga, medan andre ikkje blir det. Kanskje finn me ut at det er noko me kan gjere for å førebygge det, seier stipendiat på prosjektet, Monica Holmsve.

Bildet kan inneholde: dataskjerm, datamaskin, data-tastatur, bord, personlig datamaskin.
Testane er ikkje fysiske, og tek om lag tre timar til saman. 

Til nå har dei testa rett over 50 utøvarar, og målet er å få med 200 utøvarar til i løpet av det neste året. 

To testdagar

Ho fortel at det ikkje er veldig tidkrevjande å delta. Deltakarane skal innom NIH på to testdagar. Den fyrste tar to timar og den andre ein time. 

– Du må ikkje gjennom tunge fysiske testar på mølla som VO2-max i dette prosjektet, som kanskje nokon fryktar, smiler Holmsve.

Dei vil også ha inn utøvarar som ikkje har slitt med luftvegshelsa. 

– Det er fordi me vil å sjå på forskjellane på dei utøvarane, og korleis utviklinga har vore etter at dei la opp, fortel Holmsve.

Er du i målgruppa og interessert i prosjektet? 

 

Ta kontakt med:

Monica Holmsve

Lege og PHD-stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag

Tlf: 97 16 32 25

monicaho@nih.no

Trine Stensrud, professor Institutt for idrettsmedisinske fag

trins@nih.no

Emneord: Institutt for idrettsmedisinskfag