Tre av fire rullestolbrukarar har låg beintettleik: – Kan få store konsekvensar

Amir Hashani veit at treninga han er i gang med på NIH kan få stor betydning. Nå håpar stipendiat Linn Christin Risvang å få med enda fleire rullestolbrukarar som Hashani for å få viktige svar.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 20. feb. 2023 07:00 - Sist endra 30. nov. 2023 14:22
Mann som løfter vekter liggende på magen med trener som veileder bak.

Amir Hashani har nå styrketrening på timeplanen tre gonger i veka. Dei fyrste fire vekene kjem han til NIH og får god rettleiing frå stipendiat på institutt for fysisk prestasjonsevne, Linn Christin Risvang. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø.

– Det er tungt. Etter førre økt var eg veldig sliten, seier Amir Hashani med eit glis liggande på benken.

Han er midt inne i treningsdelen av forskningsprosjektet "Helseeffekter av trening og ernæring hos rullestolbrukarar". 

Treningsprogram for 24 veker

Her på treningssenteret på NIH skal han fyrst trene i fire veker med tett oppfylgjing og instruksjon frå Linn Christin Risvang og resten av forskingsgruppa.

I etterkant får han får eit treningsprogram han skal følgje i 20 veker framover på treningssenter.

– Det er ålreit å trene, og eg veit at trening er bra for meg og kroppen min. Eg håpar å få glede av det dei finn ut her, seier Hashani medan Risvang nikkar bekreftande.

Mann i treningsapparat får instruksjon av trenar.
Amir gjennomfører fleire forskjellige styrkeøvingar som gir stimuli for skjelettet. Sjølv har han også trena mykje tidlegare, men forskingsteamet viser han også ein del nye øvingar. 

 

Det er nettopp det som er målet. Amir er i ei risikogruppe. Mange rullestolbrukarar som han pådrar seg brot i overgangssituasjonar. For eksempel frå rullestol til bil, seng eller andre stolar.

Forskningsgruppa har tidlegare gjort undersøkingar av para-utøvarar og ikkje-utøvarar i rullestol. Dei viste at 3 av 4 av dei hadde låg beintettleik, som er eit mål på graden av beinskjørheit. 

– Når så mange i gruppa har så dårleg beinhelse er det heilt klart eit viktig prosjekt. Me veit at mange får alvorlege komplikasjonar av brot, som igjen gir store konsekvensar.

Og det er ikkje berre eit problem blant dei som sit i rullestol.

– Noreg er på verdstoppen i lårhalsbrot, og god beinhelse er viktig for alle, seier forskar Kristin Lundanes Jonvik, som er prosjektleiar i studien.

 

Nokre idrettar er betre enn andre

Nå håpar forskarane å dokumentere at trening hjelper og gje gode eksempler på øvingar som er tilpassa rullestolbrukarar.

– Dei fyrste funna våre viser at aktivitet i spesielt nokre type idrettar gir betre beinhelse, fortel Linn Christin Risvang.

Funna viser at rullestolbrukarar som dreiv med idrettar som hadde støt og eksplosive rørsler som rullestolrugby, rullestolbasket og tennis hadde høgare beintettleik enn andre.

Løftar benkpress med trenar bak
Benkpress er ei av øvingane Amir har på programmet på NIH, og han skal ta vidare i dei 20 vekene der han skal trene på Sats. Treningssenterkjeden støttar prosjektet som er støtta av Stiftelsen Dam.

Dei som dreiv med meir statiske idrettar som langrenn og handsykling hadde langt lågare beintettleik.

– Det kan vise at ein viss type fysisk aktivitet er viktig for denne gruppa. Det bør vere trening som gir mykje støt og drag på skjelettet, forklarer Risvang.

Gina Elisabeth Thygesen er ei av dei andre deltakarane i prosjektet. Ho har gjennomført fire veker av treningsprogrammet og merkar alt nå stor framgang.

Gina trenar styrke
Gina Elisabeth Thygesen er også med i prosjektet og har opplevd stor framgang dei siste vekene.

– Allereie etter fire veker merkar både eg og mine nærmaste endringar, ikkje berre i styrke, men også på balanse, motorikk og energien til å stå i full jobb. Eg overdriver ikkje, når eg tørr påstå at denne styrketreninga gir meg større utbytte enn eg noen gang har erfart gjennom eit offentleg helse- og treningstilbud, seier Thygesen. 

Treng fleire forsøkspersonar i Bergen og Oslo

Nå håpar dei å få med enda fleire rullestolbrukarar i prosjektet. Denne veka startar dei opp nye grupper i Bergen, medan det er ny sjanse i Oslo i vekene før påske.

Det er ingen tvil om at Amir Hashani er glad for at det blir forska på han og rullestolbrukarar som gruppe.

– Eg har aldri vore med på noko slikt før, så det er veldig spennande! Jo fleire som er med, jo betre, smiler han. 

Interessert i å vere med på viktig forsking? Studien treng fleire forsøkspersonar mellom 18-60 år, både menn og kvinner som sit i rullestol i minst 50 prosent av tida.

 

 

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne, paraidrett