Ungdomsfotballen i Oslo: Stor auke i spelarovergangar

Ein ny NIH-rapport viser at stadig fleire spelarar mellom 13-19 år byttar klubb i Oslo-fotballen. – Det er fullstendig anarki på guttesida, uttalar ein av leiarane i rapporten.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 21. mai 2024 12:51 - Sist endra 21. mai 2024 12:56
Bildet kan inneholde: sportsutstyr, fotball, fotball, ball, spiller.

Det er ingenting som tyder på at det er god talentutvikling å samle dei beste i ein klubb i tidleg alder, meiner forskarar på NIH. Dei presenterer nå ein rapport om aukande press på overgangar i Oslofotballen. Foto: Colourbox. 

Auka på talet på spelarovergangar har vore på 33 prosent i perioden frå 2009-2023.

Ei forskargruppe på NIH har gått gjennom all overgangsstatistikk frå Oslo fotballkrins. I tillegg har dei gjort til djubdeintervju med 25 trenarar, leiarar, spelarar og foreldre i klubbane.

«Den delte fotballbyen»

Overgangsaktiviteten i Oslofotballen blei generelt omtalt negativt.

«På guttesiden er det fullstendig anarki, for å si det pent. Fra de er 12 år så er det spillere som shopper rundt omkring i Oslo og finner det beste tilbudet fra klubbene.»

Førsteamanuensis Christian Thue Bjørndal har vore med å skrive rapporten og meiner han langt på veg underbygger det VG har fortald om dei siste vekene i serien «Den delte fotballbyen».

Portrett Christian
Christian Thue Bjørndal meiner kartlegginga dei har gjort av overgangar i Oslo-fotballen bekreftar historiene VG har fortalt dei siste vekene. 

– Alle aktørane me snakka med opplever et aukande press på spelarovegangar frå klubbar, spelarar og foreldre, seier Bjørndal.

Akademi, banekapasitet og seriesystem

Forskargruppa (Siv Gjesdal, Ørnulf Seippel, Stein Waldenström og Bjørndal) peikar på fleire grunnar til at talet på overgangar har auka drastisk dei siste åra. 

Både avgrensa banekapasitet, profesjonalisering, private akademi og seriesystemet kan vere grunnar, meiner dei.

Frå 13-årsklassa rykkar lag opp og ned i divisjonssystemet basert på resultat etter halvspelt sesong.

– Dette kan påverke spelarovergangar ved at klubbar prioriterer kortsiktige resultat, og derfor toppar eller aktivt rekrutterer nye spelarar, skriv dei i rapporten.

Kommersielle tilbod som fotballakademi som kjem i tillegg til klubbaktiviteten kan også vere med på å stimulere til fleire spelarovergangar ved å fokusere på prestasjonar tidleg, meiner dei. 

«Hadde alle klart å ta et steg tilbake så tror jeg de hadde klart å se hva som var smart i det store og hele bildet. Nå er det økt konkurranse og økt prestisje i Oslofotballen, som gjerne tvinger frem at de må få spillere tidlig, for de må ha gode kull. De må ha gode kull for å imponere når de er på turneringer i utlandet. Det er så mye som presser på her som gjør at man mister veien av syne (Trener 3, utviklingsklubb gutter).

Les heile rapporten om spelarovergangar i Oslo-fotballen her

Ikkje betre talentutvikling å samle dei beste

Når det kjem til talentutvikling viser forskarane til ein nyleg publisert studie som såg på karrierene til spelarane som deltok i VM i Qatar i 2022.

Den viste at mange av spelarane ikkje var ein del av akademisystema til toppklubbane før seint i ungdomsåra. 


– Det er ingenting som tyder på at det å samle dei beste i dei største klubbane er god talentutvikling. Både med tanke på det me veit frå forskinga frå før og tala frå denne rapporten. Sannsynet for å slå gjennom i desse toppklubbane er heller ikkje større om ein melder overgang til klubben før 16-årsalderen, seier Bjørndal.

Totalt blei det registrert 23 308 overgangar for ungdomsspelarar i aldersgruppa 13 til 19 år.

Det vil seie i gjennomsnitt 1554 overgangar kvart år, noko som viser at over 11 prosent av ungdomsspelarar i Oslo skiftar klubb kvart år. 

– Dei fleste spelarane som blei intervju valde å bytte klubb på grunn av ynsket om eit betre sportsleg tilbod. Og nokre gonger kan det vere nødvendig fordi tilbodet ikkje er godt nok. Men erfaringane til spelarane som bytta klubb varierer også veldig, seier Bjørndal og legg til:

– Nokre opplevde auka engasjement og tilgang til betre treningsmoglegheiter i ny klubb, medan andre hadde meir negative opplevingar prega av urealistiske løfter og manglande inkludering, fortel Bjørndal. 

– NFF må kome på banen 

Ungdomsfotballen i Oslo er sterkt prega av resultatbasert klima der ferdigheiter og prestasjonar blir sett høgst, meiner aktørane som er intervjua. 

Til trass for at det kan føre til lågare trivsel og prestasjonsangst blant spelarane. 

 «Hvis du gjør noe dårlig, så er du nesten ute. Selvtilliten og selvfølelsen blir fryktelig dårlig etter hvert. For det er bruk og kast. Du ser veldig tydelig hvem klubben satser og ikke satser på.» Forelder 2 (sønn, overgang toppklubb).

– Overdreven konkurranse og seriøsitet i idretten er blant dei vanlegaste årsakane til at ungdom vel å slutte med idrett i Oslo, skriv dei i rapporten.

Rapporten er laga med finansiell støtte frå Johan Olav Koss og Anders Misund.

Formålet har vore bidra til auka forståing og kunnskap om spelarovergangar i ungdomsfotballen i Oslo. 

Forskarane rådar nå Norges fotballforbund og Norsk toppfotball til å ta utviklinga på alvor.

– Dei er nøydd til å kome på banen. Dette er ein form for elitisme som pressar seg nedover. Systemet slik det er nå er lagt opp til aggressiv rekruttering. Tidlegare har idrettsmodellen vår demma opp for det, men slik er det ikkje lenger, iallfall ikkje i Oslo, seier Bjørndal. 


 

Emneord: Fotball, Barneidrett, Ungdomsidrett, Institutt for idrett og samfunnsvitenskap