Unge utøvarar konkurrerer sjølv om dei er skada: – Opplever press frå miljøet

Kva får ambisiøse idrettsutøvarar til å ta usunne helseval? Stipendiat Jan Åge Kristensen har sett fleire urovekkande trendar i si forsking, som han meiner idretten bør vere meir bevisst på.  

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 20. feb. 2024 09:16 - Sist endra 15. mars 2024 12:56
Fleire spelarar ute på ishockeyisen.

Stipendiaten har forska spesielt på unge ishockeyspelarar. Funna hans viser at det er eit idrettsmiljø der mange er villige til å ta usunne helseval for å bli best mogleg. \Foto: Colourbox.

Ambisiøs idrettsungdom er villige til å gå langt for å nå toppen i sin idrett. Men kva skjer når dei går så langt at det går utover helsa deira? 

Stipendiat Jan Åge Kristensen har mellom anna sett spesielt på unge ishockeyspelarar som trassar skadar og sjukdom for å gje alt på isen.  

Mange spelarar opplevde eit sosialt press frå for eksempel trenar, lagkameratar eller foreldre til å gå på isen sjølv om dei ikkje er skadefrie. 

Skal ignorere smerte 

– Vi merkar at det er eit sosialt press i ein idrett som ishockey, som seier at ein skal ignorere smerter, og trene og konkurrere til trass for skadar. Det gjer utøvarane meir sårbare til å gjere det same, fortel Kristensen. 

Bildet kan inneholde: panne, smil, skjorte, øyenbryn, skjegg.
Jan Åge Kristensen har dei siste fire åra forska på usunne helseval blant unge idrettsutøvarar. Ishockey er ein av idrettane som skil seg ut. \Foto: NIH

186 ishockeyspelarar på høgt juniornivå i Noreg (spelarar som har vore innom U18 og U20-landslag) var med på undersøkinga.

– Trenden var at dei spelarane som opplevde press frå miljøet til å trene sjølv om dei var skada, rapporterte også meir positive haldningar til skadar. Dei hadde ei tru på at det ville vere fleire positive konsekvensar enn negative av å trene og konkurrere med skade, seier stipendiaten som også sjølv har bakgrunn frå ishockey. 

Forskinga viser at idrettslege miljø som er prestasjonsorientert og er prega av sosialt press, også har høgare del av utøvarar som tar usunne helseval.  

Eitt av dei kan vere å vurdere og bruke dopingmidlar. Som stipendiaten også har sett på i forskinga si.  

Jan Åge Kristensen disputerer på NIH 5.mars 

Les heile avhandlinga på Brage

Blir oppmoda til å vere krigar 

Ishockey er ein skadeutsett idrett og andre studiar har vist at rundt 46 prosent av spelarane er skada til ein kvar tid.

Grunnen til at dette forskingsprosjektet såg spesielt på ishockey er at det er ein idrett som blir sett på som røff, kraftkrevjande og har mykje fysisk kontakt. 

– Dei idrettane eg har vore interessert i har nokre stereotypiske haldningar rundt seg. Ein blir oppmoda litt til å vere ein krigar, ignorere smerte og presse kroppen litt over grensa.  

Det kan få uheldige konsekvensar både på kort og lang sikt.  

– Det kan få fatale følgjer for korleis dei løyser problema når dei fyrst får dei, seier Kristensen og peikar på at fleire norske idrettsprofilar er bekymra for bruken av smertestillande.  

Gro Hammerseng-Edin er ei av dei som har fortalt i media at ho brukte Voltaren (smertestillande legemiddel) kvar dag for å handtere kvardagen som ein av verdas beste handballspelarar.

Ho er bekymra for den aukande bruken av smertestillande midlar i ungdomsidretten.   

kosttilskudd og forskjellige proteinrik mat på eit bord.
Mange av dei ambisiøse idrettselevane brukte kosttilskot. \Foto: Shutterstock.

Hyppig bruk av kosttilskot = meir positiv til doping 

Kristensen har også sett på bruken av kosttilskot blant ambisiøse utøvarar i fleire forskjellige idrettar på toppidrettsgymnas.

Korleis kan det påverke villigheita til å vurdere dopingmidlar?

Om lag 600 elevar ved åtte forskjellige toppidrettsgymnas og offentlege toppidrettsskular deltok i to forskjellige studiar. 

Funna viser at till større aksept utøvarane viste til å bruke kosttilskot for å forbetre prestasjonen, desto meir sårbare var dei også for å gå over streken å bruke ulovlege prestasjonsfremmande midlar.  

– Trendane vi så var at jo hyppigare bruken av kosttilskot var,  jo høgare var aksepten for å bruke tilskot. I tillegg hadde dei også meir positive haldningar til doping. 

Om prosjektet

Forskingsprosjektet er støtta av Antidoping Norge (ADNO) og Norges Ishockeyforbund. Ein stor takk rettast også til Norges toppidrettsgymnas, toppidrettsskulane og Ishockey-Norge for deltaking i prosjektet.  

Kristensen understrekar at det absolutt ikkje treng å vere ein samanheng mellom bruk av kosttilskot og det å vurdere å bruke dopingmidlar.  

–  Det er ein sårbarheitsfaktor, det å bruke tilskot. Ikkje i form av at det å bruke er fy-fy, men det sett i gang nokre psykologisk effektar som gjer at dei er enda meir sårbare for å gå over grensa, forklarar han. 

Han fortel at om utøvarane oppfattar idrettsmiljøet som resultatorientert med stort press om å vinne og utkonkurrere lagkameratar, rapporterer dei også at freistninga til å bruke doping er større.

Slike idrettsmiljø bidreg også til å styrke trua utøvarane har om at doping vil kunne leie til fleire positive enn negative konsekvensar. 

– Utøvarar som har høge verdiar av perfeksjonistisk bekymring, som er bekymra for å ikkje prestere godt nok, ser også ut til å være særleg sårbare for bruk av doping, legg Kristensen til.  

Råd til foreldre og trenarar 

Men kva skal idretten og dei rundt desse unge ambisiøse utøvarane gjere? Kristensen jobbar sjølv med førebygging i idretten og vil bruke desse funna aktivt.  

– Trenarar, foreldre og andre som betyr mykje for utøvarane må vere bevisst kva slags betydning dei kan ha. Trenarane bør legge til rette for eit idrettsmiljø som reduserer det sosiale presset og prøvar å justere ned viktigheita av å vinne, seier Kristensen.  

svømmetrener på bassengkanten
Trenarar bør ta omsyn til skadar og sjukdom, og ikkje bygge opp under eit miljø med sosialt press, meiner forskaren. \Foto: Shutterstock

Han vil råde trenarar til å minne om idrettens grunnverdiar. Idrettsglede, fellesskap, ærlegheit og god helse.  

– La dei unge utøvarar få meir fri til å dyrke idretten utan å føle press om å jage prestasjon og sportslege resultat. Utøvarar må bli minna om viktigheita av å respektere smerter og skadar, og at dei ser på helse i langtidsperspektiv, at det er noko ein skal ha med seg resten av livet, ikkje berre idrettskarrieren.  

Han meiner dei større antidopingorganisasjonane som ADNO og WADA også må jobbe enda meir førebygging blant utøvarar.  

Arbeid med handlingsskapande arbeid retta mot skadar og forbode prestasjonsfremmende midlar kan ha stor betydning og vil kunne hjelpe utøvarar til å dei gode vala og ikkje risikere eigen helse i jakta på prestasjon.  

Les meir om prosjektet til Jan Åge Kristensen

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap