English version of this page

Activ Smarter Kids (ASK)

Ph.d.-prosjekt

Activ Smarter Kids (ASK) er eit utviklings- og forskingsprosjekt som skal undersøke om auka fysisk aktivitet i samspel med dei tradisjonelle faga påverkar skuleprestasjon, trivsel og helse.

Formål

Undersøke samanhengen og effekten av fysisk aktivitet og sedat tid på fysiologiske variablar knytt til metabolsk helse hjå 10-åringar. ASK blir gjennomført fordi det i dag er utilstrekkeleg kunnskap om korleis auka fysisk aktivitet i skulen verkar inn på skuleprestasjon, skuletrivsel og helsevariablar. Denne kunnskapen er viktig både i eit læringsperspektiv og eit førebyggande folkehelseperspektiv.

Prosjektbeskrivelse

ASK er ein sju månadar klynge-randomisert kontrollert studie. 1129 elevar i 5.klasse frå 57 grunnskular i Sogn og Fjordane blei klynge-randomisert på skule i enten intervensjonsgruppe eller i kontrollgruppe. Elevane i dei 28 intervensjonsskulane deltok i intervensjonen mellom november 2014 og juni 2015.
Les mer om prosjektet her.

Resultater

Artikkel I: Basert på vår systematiske kunnskapsoppdatering er det er få indikasjonar for ein prospektiv samanheng mellom sedat tid og metabolske risikofaktorar, medan samanhengen mellom moderat-til-høg fysisk aktivitet og opphoping av metabolske risikofaktorar er negativ og konsistent.

Artikkel II: Total tid i moderat-til-høg fysisk aktivitet ved baseline er prospektivt assosiert med betre metabolsk helse sju månader seinare. Ingen samanheng mellom sedat tid og metabolske helse.

Artikkel III: Fysisk form er ein moderator i den prospektive samanhengen mellom fysisk aktivitet og metabolske risikofaktorar. Hjå barn med låg fysisk form er det ein sterkare samanheng mellom moderat-til-høg fysisk aktivitet og opphoping av metabolske risikofaktorar, med ikkje hjå barn med høg fysisk form.

Artikkel IV: Total sedat tid predikerar ikkje høgare kroppsmasseindeks, midjemål eller skinfold. I motsetnad predikerar kroppsmasseindeks og midjemål meir sedat tid og mindre fysisk aktivitet – desse samanhengane er i hovudsak berre hjå gutar.

Prosjekteier

Norges idrettshøgskole

Deltakere

Publisert 20. sep. 2023 12:45 - Sist endret 8. jan. 2024 15:45