Ut med dommaren!

Born kan lære mykje om fair play ved å spele kamp uten innblanding frå vaksne. Men tør vaksne la dette skje?
Av Gudmund Skjeldal
Publisert 1. nov. 2019 11:14 - Sist endret 20. nov. 2023 23:24
Unge spelere  gir "high-five" til en ung dommer
La borna lære om fair play sjølv. \Foto: Shutterstock

Tenk deg at det er blåst avspark i ein fotballkamp mellom to jentelag i Norway Cup. Det er ingen dommar ut på banen, så startsignalet har komme frå høgtalaranlegget.

Heretter er det berre jentene som styrer spelet. Går ein ball ut til kast, må dei bli einige om kven sitt lag som skal ta det. Blir det frispark, må det vera fordi den fornærmande parten innrømmer det. Blir det straffe, er det fordi spelarane på begge laga er einige om det. Og det blir dei.

Er det utenkjeleg? Er det ein utopi? Eller er det ikkje noko å ønska seg, ein gong?

Ein må sjå for seg at foreldra på sidelinja ikkje ropar ut sine meiningar om regelbrot til desse jentene. Ein må føresetja at også trenarane held seg i skinnet. Det er ungane sin leik, dette, og det er ungane sine diskusjonar som må avgjera straffesaka. Det er dei som skal læra seg å stå sindig i konfliktar. Det er dei som skal læra seg fair play. Og det gjer dei aller best utan ein dommar.

Prinsippet er det same i handball og i basketball og i volleyball, og poenget gjeld om ein kallar dommar ein vegleiar, eller berre ein kampleiar. Tenk om vi kunne ha latt borna og ungdommane drive idrett meir i fred.

Organisert vanvidd

Alt i 1990 skreiv pedagogen Christian Beck den boka som både var ein profeti – og ein umiddelbar klassikar. Tittelen var «Det organiserte vanvidd».

Beck retta søkelyset mot den aukande organiseringa og vaksenstyringa i barnehagar og skular og SFO-ar i Norge. Når vaksne set i gang leiken, skreiv Beck, er det ikkje leik lenger. Når det er pedagogar som set ungane i gang med hyttebygging, er det ikkje akkurat initiativ og sjølvstende som borna lærer.

Beck kunne veldig lett ha inkludert tendensane i barne- og ungdomsidretten. Kor mange trenarar, i lagidrettar og for så vidt i andre idrettar, er det som har tenkt at: «No lar eg ungane berre driva på med det dei begynner med (med ball eller utan ball) og så grip eg inn først når dei er i ferd med å slå kvarandre (eller har slått seg kraftig)»?

Går det ikkje an tenkja slik, seier du? Det er ingen unge som begynner med noko utan at ein vaksen set dei i gang?

I så fall har me skapt eit stort problem.

Krangel og tårer

I tennis må ungdommane dømma sjølve. Sit returballen til dømes klistra på linja, må den som taper det poenget, godta det, og ikkje dømma ballen ut.

I såkalla løkkefotball, eller i skulefriminutta, ordnar også ungane opp åleine. Dei vel laga sjølve, og dei har orden på stillinga, og dei finn ut kva som er regelbrot og kva som kan godtakast. Måtane deira å bli einige på, og velgja ut laga på, er kanskje ikkje alltid pedagogisk heilt patente, eller slik psykologar ville teikna dei ned på papiret.

Men det er dette som er livet. Det er dette som er å veksa opp. Krangel og tårer og urettferdige bestemmingar. Med glimt av rettferdig, eller fair, spel.

Intensjonane våre som beskyttande og vegleiande vaksne er kanskje dei aller beste, men dei kan risikera å tømma barnet ut med det kanskje skitne vatnet, for no å bruka ein nokså utslitt, men likevel i denne samanhengen passande metafor.

Me driv ikkje med barne- og ungdomsidrett for å driva fram store talent. Ikkje først og fremst, i alle fall. Me ønskjer at borna og ungdommane skal driva med idrett fordi dei har godt av det, trur me, både på kroppen og på sjela deira.

Idretten kan vera ein veldig god opplæringsarena for livet, trur me. Men då må me ikkje komma i vegen for spelet og leiken, slik som ein uheldig (eller kanskje forvirra) dommar risikerer å gjera.

Sjølvbestemming

Poenget mitt er ikkje at dommaren skal ut – alltid og for godt. Norway Cup er kanskje ikkje det aller beste dømet sånn sett. Men di fleire kampar og cupar og turneringar og arrangement i det heile som me lager der ungane liksom treng oss vaksne, di meir organiserer me bort noko av magien i leiken. Til slutt har me parkert initiativet deira heilt på sidelinja.

«Ut med dommeren» kan altså bety: inn med sjølvbestemminga!

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap