Meir fysisk aktivitet gav ikkje betre karakterar

Det er ingen samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar, og berre så vidt nokon kopling mot psykisk helse, syner ein ny langtidsstudie.

Av Kjetil Grude Flekkøy
Publisert 17. nov. 2021 10:40 - Sist endret 21. nov. 2023 05:35
Ungdomer geiper til kameraet

Psykisk helse påverkast mykje mindre av fysisk aktivitet enn ein skulle tru, syner denne studien. \ Illustrasjonsfoto: Shutterstock

 

Portrett av Ingeborg
Ingeborg Barth Vedøy er stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH. \ Foto: INN

Fysisk aktivitet gjer at ein yter betre, også på skulen; det viser fleire studiar. Ein såkalla intervensjonsstudie (sjå faktaboks) viste nyleg at berre to timar meir av fysisk aktivitet på skulen kvar veke betra resultata spesielt i norsk og matte – og det sjølv om ein tok av tida ein elles ville brukt til matte- og norskundervisning.

Men: Det er faktisk ikkje så enkelt. Berre det å måle fysisk aktivitet og skuleprestasjonar er hefta med betydelege metodiske problem, fordi ulike typar studiar måler ting på så ulike vis, noko som gjev ulike resultat – men til saman gjev dei uansett eit stadig meir komplett bilete.

Så: Kor viktig er fysisk aktivitet eigentleg for den psykiske helsa og skuleprestasjonane i ungdomsåra?

Langtids-studie

Ingeborg Barth Vedøy har granska desse samanhengane over tid og kan slå fast at biletet er svært samansett. Samstundes er det også slik at ulike studiedesign kan gje ulike resultat (sjå faktaboks). Og dessutan: Individuelle skilnader og utgangspunkt for ulike deltakarar kan påverke resultata.

Ulike studiar, ulike resultat

Ulike typar studiar måler same fenomen på ulike måtar som kan gje ulike resultat. Til dømes vil ein langtidsstudie av éin gruppe (slik vi vil fortelje om her) lett gje eit anna bilete enn ein tverrsnittsstudie (som typisk gjev eit augneblinksbilete) eller ein intervensjonsstudie: Her sett ein i gang tiltak i éi gruppe og samanliknar med ei likast mogleg gruppe der ein ikkje sett i gang noko.

Vedøy sette seg føre å finne det faktiske forholdet mellom fysisk aktivitet og psykisk helse – og mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar. Ho følgde 600 ungdomsskuleelevar frå 11 skular på Aust- og Vestlandet over tre heile år, frå 2016 til 2018. Ungdomane var 12 til 16 år gamle.

  • Aktiviteten måla ho med eit såkalla akselerometer, ein liten elektronisk målar som objektivt registrerer kva tid ein beveger seg eller sit i ro, og dessutan intensiteten på aktivitetane. Deltakarane bar målaren på seg i alle vakne timar, ei veke om gongen. Metoden er nytta i fleire andre studiar, til dømes i UngKan3.
  • Den psykiske helsa målte ho gjennom deltakarane sine rapporterte psykiske problem og «well-being». Til dette brukte ho velprøvde spørjeskjema.
    Well-being er eit omgrep som seier noko om ein person sine positive kjensler og livstilfredsheit, funksjon og sjølvrealisering, og også korleis ein fungerer sosialt både i samfunnet og i relasjon til andre.
    I tillegg måla ho såkalla «domenespesifikk sjølvtillit», som enkelt sagt er ungdomane si sjølvkjensle i og utanfor skulemiljøet.
  • Skuleprestasjonane måla ho ved hjelp av snittkarakterane frå kvart hausthalvår dei tre åra.

Gaming og stillesitjing kan vere OK

Om ikkje resultata riv i filler vedtekne sanningar, gjev granskinga eit mykje meir nyansert bilete av samanhengen mellom fysisk aktivitet og psykisk helse:

  • Det er ingen samanheng mellom fysisk aktivitet eller stillesitjing på den eine sida og psykiske problem på den andre i ei elles stort sett frisk ungdomsgruppe. Det tyder på at psykiske problem kan forklarast betre ved andre faktorar enn rørsle.
  • Det er ein viss samanheng mellom fysisk aktivitet, sjølvtillit og well-being, og den er tydelegast hos jenter.
  • Hos gutar fann ein ein positiv samanheng mellom stillesitjing og well-being , altså typisk gutar som var «bura inne framfor gamer-PCen». Men her veit ein ikkje kva dei faktisk gjer medan dei sit der. Det sosiale i datanettverka deira kan kanskje forklare funna.

– Dette er det mest overraskande vi fann. Vi veit frå før at passiv TV-kikking verker negativt på psykisk helse. Men gaming kan vere både meir aktivt og sosialt, sjølv om ein sit fysisk i ro. Denne samanhengen burde nokon studere grundigare!

En gutt sitter foran PC med ørerklokker og gaming tastetur
At gaming med mykje stillesitting kan vere positivt for «well-being» og såleis for opplevd psykisk helse, vil vere nytt for mange. \ Illustrasjonsfoto: Shutterstock
  • Det er ingen samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar.

– Konklusjon?

– Dette er jo ikkje så eintydig, men ein kan i alle fall slå fast at det ikkje finst nokon slik klar samanheng mellom mengde eller intensitet av fysisk aktivitet og psykiske problem, som fleire tidlegare studiar har vist. Og heller ikkje motsett, mellom mykje stillesitting og psykiske problem, seier ho og legg til: – I alle fall er det konklusjonen i friske grupper.

Elevane som var med i hennar studie hadde god psykisk helse i utgangspunktet. For ungdom med eit dårlegare utgangspunkt meiner ho fysisk aktivitet kunne hatt ein annan, meir positiv verknad.

Ulike mål

– Men den tilsynelatande manglande samanhengen mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar går altså temmeleg på tvers av tidlegare konklusjonar, det alle «veit»?

– Vi har brukt meir objektive mål enn mange andre undersøkingar og følgt ungdomane over lengre tid enn det som har vore vanleg. Ei stor styrke med studien vår er akselerometeret, som gjev nettopp objektive mål i staden for å basere seg på det deltakarane sjølve fortel om kor aktive dei har vore, seier ho.

Samstundes fangar heller ikkje akselerometeret opp alt. Om ein gut til dømes har gjort teknisk vanskelege øvingar på skateboard, vil det ikkje slå ut stort på eit akselerometer, men på spørsmål om han har vore aktiv, vil han svare ja. Det er utvilsamt riktig, sjølv om han ikkje har fått så høg puls.

– Så ein subjektiv rapportering kan gje eit riktigare bilete...?

– Akselerometeret gjev mykje meir presis informasjon om mengde, intensitet og frekvens av fysisk aktivitet, og om dét er avgjerande for ulike sider ved psykisk helse eller skuleprestasjonar, blir det også det riktigaste.

Kan likevel hjelpe

Sjølv om gevinsten av fysisk aktivitet i form av betre skuleprestasjonar ikkje synest i denne studien, ser ikkje Vedøy bort ifrå at den kan vere der. Til dømes er det vist at fysisk aktivitet i løpet av skulekvardagen kan gje betre konsentrasjon og læring rett etterpå, men det har dei ikkje undersøkt i denne studien.

– Andre ting som kan spele inn?

– Ja, her er det nok mange faktorar som speler inn; den totale læringssituasjonen, kvardagsforhold som kor god læraren er, forholdet mellom elevane, kvar einskilt sin sosioøkonomisk status, om ein nettopp har slått opp med kjærasten eller hatt andre tunge opplevingar – for å nemne noko. Det er mykje å studere, og det fortel kanskje kor vanskeleg dette er å måle.