– Har alltid vore for lite kunnskap om kvinnelege utøvarar

Endeleg har den kvinnelege idrettsutøvaren fått ein eigen lærebok. Fagredaktør Øyvind Sandbakk meiner det framleis er for lite kunnskap, men at boka er eit viktig skritt på vegen.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 12. okt. 2023 08:00 - Sist endret 20. nov. 2023 13:53
Skiskyttarkvinner jublar etter målgang på VM-stafett.

Tiril Eckhoff og Ingrid Landmark Tandrevold er blant utøvarane som har etterlyst meir forsking på kvinnelege topputøvarar i sin podkast. Nå er boka "Den kvinnelige utøveren" lansert. 

Kvifor har all idrettsforsking historisk sett vore gjort på mannlege utøvarar?

Det spørsmålet har mange i og utanfor idretten stilt seg dei siste åra. 

Større fråfall og færre trenarar

– Det har alltid vore for lite kunnskap om kvinnelege utøvarar. Me har ein stor jobb å gjere og mykje me framleis ikkje kan svare på. Det er for eksempel lang færre kvinnelige trenere og ledere, og eit langt større fråfall blant jenter i idretten, seier Øyvind Sandbakk, professor ved Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap ved NTNU og professor II ved UiT der han er tilknytta FENDURA prosjektet. 

Forsida av boka den kvinnelige utøveren
Boka "Den kvinnelige idrettsutøveren" kom ut nå i oktober og vil bli pensum for NIH-studentar.

Heldigvis har det skjedd det ein del på området dei siste åra. Blant anna her på NIH.

Nå får studentane også moglegheiten til å lære meir gjennom ein eigen lærebok om den kvinnelege idrettsutøvaren der svært mange frå NIH har bidratt.

Bør lesast av trenarar

Sandbakk meiner boka bør lesast også av trenarar, fagpersonar og også av utøvarane sjølv.

– Det har vore eit behov for ei slik bok. Det er mykje mange i idretten lurar på om den kvinnelege idrettsutøvaren. Dette er ein god start der me gje ein god del kunnskap og tydelege føringar for mellom anna trenarar, seier Sandbakk.

Han har vore redaktør for boka saman med Guro Strøm Solli, førsteamanuensis ved Nord Universitet, der ho også leiar forskingsgruppa PULS (prestasjonsutvikling i langrenn og skiskyting) og Hanne Staff, leiar for prestasjon og utvikling i Olympiatoppen og stipendiat ved UiT Norges arktiske universitet. 

Portrettbilde Øyvind Sandbakk
Professor Øyvind Sandbakk sit også i styret til NIH og har gjort det dei siste seks åra. 

I tillegg til desse tre har eit kobbel av NIH-arar vore med på laget og har bidrege i forskjellige kapittel:

  • Lene Anette Hagen Haakstad
  • Kristin Lundanes Jonvik
  • Christine Holm Moseid
  • Grethe Myklebust
  • Gøran Paulsen
  • Merete Møller
  • Kristina Skaug
  • Kari Bø
  • Jorunn Sundgot-Borgen