NIH scorar framleis i verdstoppen

Norges idrettshøgskole held på posisjonen som ein av verdas aller beste idrettsutdanningar. Nok eit år NIH kapra andreplassen på ein anerkjent rangering.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 5. jan. 2023 07:00 - Sist endret 21. nov. 2023 17:45
Basketballopplæring. En lærer underviser to studenter i basketball.

Som student på NIH kan du vere trygg på at har fått innpass på ein av verdas beste idrettsutdanningar. \Foto: Daniel Kivle. 

– Det er flott å sjå at vi klarer å beholde plasseringa år etter år. Dette er ei viktig anerkjenning av forskinga vår her på NIH, seier rektor Lars Tore Ronglan. 

På andreplass sidan 2018

Den uavhengige og anerkjente organisasjonen Shanghai Ranking rangerer utdanningsinstitusjonar over heile verda. Sidan 2016 har dei publisert ei liste over dei beste idrettsutdanningsinstitusjonane.

Over 300 universiteter og idrettsfagrelaterte studiestader blir vurdert opp mot fleire kriterie innanfor forsking.

Heilt sidan starten har NIH vore i toppen, og sidan 2019 har andreplassen blitt kapra av landets einaste idrettvitskaplege høgskule.

– Eg er stolt over å vere rektor for alle tilsette på NIH som har bidratt til dette resultatet. Dette kjem ikkje av seg sjølv, og vi må heile tida utvikle oss for å kunne halde oss i verdstoppen som me sjølvsagt har som mål, seier Ronglan. 

Det er Deakin university i Australia som har trona øvst dei to siste åra. 

Blir vurdert etter fem kriterie

ShanghaiRanking tek utelukkande for seg forsking og har utgangpunkt desse kriteria:

  • Forsking indeksert i Web of Science.
  • Tal på siteringar på publikasjonar frå institusjonen.
  • Siteringar per artikkel.
  • Artiklar publisert i dei største tidsskrifta på kvart fagområde.
  • Prosentdel av institusjonens publikasjonar som har internasjonalt medforfattarskap.