Rådar kroppsøvingslærarar til å ikkje dele inn etter kjønn

Korleis kan lærarar gjere livet enklare for LHBTQ+elevar? Tidlegare masterstudent Elise Strømman har klare råd etter si masteroppgåve.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 28. aug. 2023 08:00 - Sist endret 21. nov. 2023 06:37
Portrettbilde av Elise Strømman.

Elise Strømman har faglærarutdanning i kroppsøving frå NIH og skreiv i fjor masteroppgåve om transelevar. Foto: Privat.

Før Elise Strømman skulle gå laus på masteroppgåva i idrettsvitskap på NIH, hamna ho i ein diskusjon ho skildrar som heftig.

Diskusjonen handla om den kjente påverkaren og transkvinna Emma Ellingsen. Kva for garderobe skulle ho bruke etter kroppsøvingstimen?

Skreiv master med tårer i augo

Strømman kjente på stort engasjement og interesse for temaet. Ho forstod fort at dette var det gjort lite forsking på og bestemte seg for at ho ville finne ut korleis transelevar opplever kroppsøvingsfaget.

Ho har sjølv vore kroppsøvingslærar og har faglærarutdanning i kroppsøving frå NIH.

– Eg enda med å skrive oppgåva med tårer i augo. At personar blir ekskludert likar eg veldig dårleg. Spesielt når det handlar om skulen der ein har eit ansvar som lærar.

Kvinne med masteroppgåve framfor eit tre.
Elise Strømman har fleire gode tips til deg som kroppsøvingslærar. Foto: Privat.

Strømman gjorde ein kvalitativ studie der ho intervjua fire transpersonar, som inntil nyleg hadde hatt kroppsøving. Dei hadde sjølv eit ynskje om å fortelje historia si. Det blei lange og kjensleladde samtalar på Zoom da koronaen stod på som verst.

Meiner dei blei forskjellsbehandla

Alle fortalde om forskjellsbehandling. Dei meinte dei hadde gått gjennom mykje som dei andre elevane hadde slept unna. Skulekvardagen hadde blitt vanskelegare på grunn av kroppsøvingstimane.

– Dei fortalde om tankar på kor mange lag av klede dei måtte ha på, om kva slags garderobe dei skulle gå inn i og historier om kroppsøvingstimar der eleven hadde blitt eit offer for leiken dei andre elevane heldt på med, seier Strømman.

Felles for dei alle var ei kjensle av at læraren ikkje prøvde å legge til rette. Og at det gjekk utover dei. Spesielt for tre av elevane hadde kroppsøvingstimane påverka dei som personar.

Tips til kroppsøvingslærarar

Men kva kan lærarar gjere for å unngå dette? Mange kan nok kjenne at dette er spørsmål og samtalar det er vanskeleg å gå inn i.

Elise har fleire konkrete tips.

  • Ikkje del inn klassa etter kjønn. Det vil eg fråråde sterkt etter samtalar med desse elevane. Du veit ikkje kva slags elevgruppe du har og det er mange som er flinke til å skjule. Slike situasjonar kan gjere det vanskelegare å stå fram.
  • Ha eit Pride-flagg på kontoret ditt eller ein annan stad der du veit at elevane dine ser det. Kanskje kan det gjere at dei ser at du er open for å prate om dei treng det.
  • Du som lærar treng ikkje nødvendigvis å spørje om kjønnsidentitet direkte. Kanskje kan du seie noko framfor klassa i starten av skuleåret. At du er open for samtalar og at det ikkje skal vere noko tabu å kome til deg som lærar.
  • Ulike workshops gjennom skuleåret med kjønnsmangfald som tema kan bidra til at elever kan få nyttig informasjon som kan hjelpe dei.

Strømman er klar på at utvalet hennar er lite og at det finst svært lite forsking på dette temaet. Ho trur likevel det er viktig å ta erfaringane til desse elevane på alvor. Det kan ein enkelt også overføre til andre grupper.

– Kanskje er det elevar med overvekt eller andre grupper som føler seg utanfor i kroppsøvingsfaget. Vis at du er open og er på tilbodssida når du tek over ei ny klasse, rådar Strømman.

Les heile masteroppgåva her: «Jeg var ikke gutt nok for gutta, og ikke jente nok for jentene, så hvor skal jeg liksom?»: En fenomenologisk studie om kroppsøvingserfaringene til fire transelever.