Gratulerer og god sommar!

Denne veka feira 95 masterstudentar at dei er uteksaminert frå NIH. Vi gratulerer og ynskjer alle studentar ein god og aktiv sommar.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 28. juni 2024 14:20 - Sist endret 28. juni 2024 14:22
Bildet kan inneholde: kjole, har, publikum, dress, samfunnet.

Denne gjengen feira at dei er ferdig utdanna på NIH med masterseremoni. Foto: Olav Skrudland.

119 masterstudentar har levert oppgåva si på NIH denne våren. 95 var på seremonien torsdag denne veka og feira med førelesarar og familie. 

Elin Kolle med masterstudentar på seremoni
Høgtideleg seremoni i auditorium Innsikt med prorektor Elin Kolle. Foto: Karoline Steinbekken.

Heile 300 personar var samla til seremonien. 

Rektor Lars Tore Ronglan nyttar høvet til å gratulere alle studentar med fullført semester og eksamenar.

–  Håpar det gjekk bra og at de er fornøgde. Lykke til vidare til dykk som er ferdig her på NIH og skal ut å gjere noko anna, og velkomen tilbake til dykk som skal fortsette her. Eg gler meg til å sjå dykk igjen i august, seier Ronglan.

Han håpar alle studentar får ein fin og aktiv sommar. Akkurat som dei NIH-tilsette har begynt på. 

 

 

 

 

Emneord: Student