«Dei tause kvinneproblema»: Desse tiltaka kan du gjere

Stine Vindenes sleit med store smerter i rygg og bekkenledd i graviditeten. Etter at ho fekk treningsøvingar frå ein kvinnespesialist klarte ho endeleg å gå tur utan å halte i fleire dagar.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 27. okt. 2023 06:00 - Sist endret 20. nov. 2023 13:49
Damer ligg på golvet og trenar bekkenbunn.

Bekkenbunnstrening er heilt avgjerande i graviditeten seier professor, Kari Bø. Treninga kan du gjere kor som helst og når som helst, men Bø rådar deg å ligge i denne stillinga. Foto: Andreas Johansen/NIH.

Portrett Stine
Stine Vindenes er sjølv fysioterapeut, men måtte etter kvart oppsøke ein spesialist etter svangerskap nummer to. Foto: Privat.

– I det andre svangerskapet kom bekkenleddsmertene tidlegare. Eg sleit med å gå vanlege turar til og frå jobb, og måtte redusere aktiviteten betrakteleg, fortel Stine Vindenes, som sjølv er fysioterapeut i NIH-podden.

Halvparten av alle gravide

NIH-professor Kari Bø har forska på feltet i over 35 år og er ei av dei mest anerkjente fagpersonane i verda. Ho fortel at studiar viser at rundt halvparten av gravide kvinner har bekkenproblem under graviditeten.

Eit år etter fødsel fortel 25 prosent av kvinnene at dei framleis har bekken- og ryggproblem.

Ho nemner delte magemusklar og bekkenbunnproblematikk som dei to andre problema som kan oppstå i ein graviditet.

– Dette er ikkje for å skremme kvinner, for dei aller fleste går ein graviditet veldig fint. Men det er også ein del som blir påverka av dette, og dei har lett for å bli gløymt, meiner Bø.

 

Tabu i helsesektoren

Sjølv om det har blitt gjort mykje forsking på dette, mellom anna på NIH dei siste åra, meiner Bø det framleis er eit tabu i helsesektoren.

– Sjølv har eg høyrt at ein i helsesektoren ikkje vil snakke om desse problema, fordi da vil ikkje kvinner føde barn. Men studiar viser at det kvinner seier, er at om ein hadde visst om desse problema som gravid, så ville ein vore litt førebudd. Det er gunstig å vite at du kan gjere nokre tiltak i forkant, seier Bø.

Det er nettopp desse tiltaka professoren fortel om i den siste episoden av NIH-podden. Å trene bekkenbunnen er det aller viktigaste.

Studiar viser at viss ein trenar bekkenbunnen under graviditet, og ikkje har urinlekkasje, så har ein 62 prosents mindre sjanse til å få problem i graviditeten og etter fødsel.

– Det er jo ganske god tal å ha med seg, smiler Bø.

Les meir: Helene har delte magemusklar, men kan framleis løfte tungt

Tren bekkenbunnen kvar dag

Her er hennar beste tips for trening av bekkenbunnen.

– Vi må trene bekkenbunnen med å trekke saman rundt opningane, løfte opp og fram, og gjere det så hardt vi kan. Rett og slett følge heilt vanlege styrketreningsprinsipp. Spesifikk trening av dei musklane det gjeld. Hald 6-8 sekunder, gjer 8-12 samantrekningar og tre seriar kvar dag, rådar Bø.

Den gode nyheita er at det går fort og at du kan gjere det nærmast overalt. Men professoren vil ikkje anbefale å gjere det samtidig som du pussar andre tennar eller andre gjeremål.

– Sidan det er ingen som ser at du gjer det, blir det ofte sagt at du kan gjere medan du gjer andre ting. Men du blir ikkje sterk i muskulatur om du gjer mange ting samtidig. Du bør faktisk gå inn i ein utgangsstilling med beina frå kvarandre, slik at ein får med seg hjernen på at det er desse musklane ein skal trene.

Bekkenbunnstrening
Du får enda betre effekt av å trene bekkenbunn i gruppetrening eller med instruktør, viser studiar. Foto: Andreas Johansen/NIH

Studiar viser også at ein får betre effekt av denne treninga om ein gjer dette i ein gruppetreningssetting, med ein instruktør eller fysioterapeut.

Les meir: Fekk pris for forsking på delte magemusklar

Fekk hjelp av spesialist

Stine Vindenes fann ut etter rundt eit år med prøving og feiling at ho trengte hjelp frå ein spesialist når det gjalt bekkensmertene. Der fekk ho beskjed om at ho hadde overkompensert.

– Eg var veldig stram i kjernemuskulaturen og veldig svak i hoftemuskulatur på den eine sida spesielt. Så eg fekk nokre enkle øvingar for å styrke muskulaturen i hofta. Eg begynte å gjere øvingane systematisk og med tett oppfylging kom det seg overraskande fort, fortel ho.

Endeleg kunne ho gå tur og løpe utan å halte i fleire dagar etterpå.

– Eg er veldig takknemleg for den hjelpa eg fekk, og skulle nok gjerne ha gått til nokon tidlegare for å sleppe å gå med så vondt så lenge, seier Vindenes.

Kari Bø håpar at gravide kvinner både er kritisk til informasjonen dei ser på sosiale medium og ikkje får panikk av å lese og høyre om problema.

– For dei aller fleste går ein graviditet veldig fint, og dei fleste plagene går over av seg sjølv etter fødsel.

Høyr meir av historia til Stine og Kari Bø sine tips i NIH-podden.

Emneord: NIH-podden, Kvinnehelse