Salum Kashafali: – Det mest slitsame er kampen for like moglegheiter

Stadig færre blinde og svaksynte driv idrett både på topp- og breiddenivå. Salum Kashafali håpar å vise at alt er mogleg ved å konkurrere i Paralympics og OL i Paris.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 12. apr. 2022 06:00 - Sist endret 20. nov. 2023 16:46
Portrettbilde av sprintaren Salum Kashafali. Han smiler framfor ein murvegg.

Salum Kashafali har blitt ein av våre største para-utøvarar med gull i Paralympics i Tokyo som høgdepunktet. I Paris neste år er ikkje det godt nok. Der håpar han å kvalifisere seg også til OL og springe mot dei funksjonsfriske.

Alt endra seg omtrent over natta for Salum Kashafali. Som 23-åring vakna han og skulle lage seg frukost. Da han opna kjøleskåpet såg han plutseleg ingenting.

– Det var berre masse farger. Heilt "blurry".

 

Vann gull i Tokyo

Det har han til dei grader også gjort. I 2021 satte Kashafali verdensrekord da han tok gull i Paralympics i Tokyo. Han har blitt noko så sjeldan som ein svaksynt idrettsstjerne og ein av våre mest kjente para-utøvarar.

Men til trass for gode forbilde som 29-åringen frå Bergen blir det stadig færre svaksynte og blinde i idretten.

– Det er trist. Utruleg kjedeleg å høyre om nedgangen, seier han.

Norges blindeforbund har merka nedgangen i fleire år. Mange eldre som var aktive i mange år har gitt seg i idretten, og dei har slitt med å rekruttere nye. 

Derfor blei Adrian Lindgren i fjor tilsett i ei nyoppretta stilling i for å snu den negative trenden.

– Det var vanleg å vere 40-50 aktive for eksempel på friidrettsbanen og me var ein av dei største undergruppene innan paraidrett. Mens nå er det veldig få som driver idrett, seier Lindgren. 

Gruar seg til kroppsøving

Han har fått høyre mange vonde historier i sitt fyrste år i Blindeforbundet. Frå foreldre og unge sjølv som har opplevd å ikkje bli inkludert i aktivitet både på skule og i idretten.

Nokre har fått beskjed i kroppsøvingstimen om at dette ikkje er noko for dei som svaksynte eller blinde. Andre blir sett på eit rom aleine på ein spinningssykkel.

– Eg har snakka med foreldre som fortel at barnet deira grin kvar fredag, fordi da er det kroppsøving på skulen. Om ein møter slike barrierer i tidleg alder, når ein ikkje får vere med på enkle aktivitetar på skulen, da er vegen inn i idretten kjempelang. 

Han håpar dei kan bruke historia til Kashafali som inspirasjon. Både for dei som vil drive toppidrett og dei som berre vil vere i aktivitet.

Tre gjester i NIH-podden smiler framfor ein murvegg.
Adrian Lindgren frå Blindeforbundet har tidlegare tatt ein bachelor i coaching, trening og idrettspsykologi på NIH, nå jobbar han i Blindeforbundet og var gjest i NIH-podden saman med Salum Kashafali, hos programleiar Christina Gjestvang.

Vil inn i trenarutdanningar

Men da er dei nøydd til å ha med idretten på laget. 

– Idretten har ansvar for å legge til rette, men dei har mange dei skal legge til rette for og me har vore "ute" frå idretten i lang tid. Så, idretten veit nødvendigvis ikkje korleis ein legg til rette. 

Derfor håpar dei å kunne gje kunnskap og kompetanse inn i idretten. Målet er å lage tilretteleggingsverktøy som mellom anna kan kome inn i trenarutdanningar.

Visste du at du kan ta årsstudiet Fysisk aktivitet og funksjonshemming på NIH?

– Det er plass til alle

For Salum Kashafali var overgangen til svaksynt brutal. Han var aktiv i både friidrett og fotball før augesjukdomen slo inn, og ville i byringa berre gje opp alt. 

Heldigvis fann han motivasjon og endte opp som topputøvar.

Men utfordringane har vore mange. 

– Det som er mest slitsamt for meg er å heile tida ta kampen om at eg ikkje får like moglegheiter for tilrettelegging. 

Han trur kompetansen Blindeforbundet vil bygge opp er vegen å gå.

– Eg tenkjer fyrst og fremst at kunnskap kan påverke haldningar. Om folk får kunnskap er det lettare å ha haldningar om korleis ein skal legge til rette og inkludere, seier han og legg til:

– Det er det som er fint med idretten: det spelar ikkje nokon rolle kva slags nedsett funksjon du har, kjønn, alder – det er plass til alle. 

Les meir: Tre av fire rullestolbrukarar har for låg beintettleik

Har fått personleg assistent

Den medfødde augesjukdomen Stargardts gjev han ein del utfordringar i kvardagen. Treningsøktene er ikkje dei største. Det er alt rundt som er det vanskelegaste for mannen som kom til Norge som flyktning frå Kongo i 2003.  

Kome seg rundt, lage mat, handling. Heldigvis fekk han på plass ein personleg assistent i vinter, etter at over 300 personar søkte på stillinga. 

– Det er kanskje ein av dei største omveltingane som har skjedd i min kvardag. Eg er mindre sliten, har meir energi og kan leve livet mitt på mine premiss. 

Det har gjort neste års store draum enda meir realististisk. For bergensaren drøymer ikkje berre om nye medaljer i Paralympics i Paris. Han vil også stå på startstreken når dei funksjonsfriske kappar om OL-medaljar ein månad før.

– Kvar visjon har ein ambisjon, så enkelt er det for meg. Om eg klarer det, det veit eg ikkje. Men eg skal gjere alt i det daglege for å prøve å nå det. 

SALUM KASHAFALI

Alder: 29 år
Spesialist på 100 meter.
Kom til Norge som flyktning frå Konge i 2003.
Har den medfødde augesjukdomen Stargardts.
Gull i Paralympics i 2021.
Personleg rekord: 10,43 på 100 meter.

Emneord: NIH-podden, paraidrett