Kor aktive er nordmenn eigentleg?

Står det faktisk så dårleg til med aktivitetsnivået vårt? NIH-podden går inn i den store rapporten og diskuterer kva som skal for til for å snu trenden.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 9. mai 2022 06:00 - Sist endret 27. nov. 2023 13:46
Mannlig jogger på Sognsvann.

Hans Marius Fløtten er ein av mange aktive me treff på Sognsvann, som nok er ein av landets mest populære turløyper. Han trur mange har blitt mindre aktive i løpet av pandemien og meiner arbeidsplassar burde presse meir på for å få alle tilbake på kontoret for å få inn meir aktivitet i kvardagen. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø.

– Eg sit mykje stille som student, spesielt nå i eksamenstida. Så eg har leita etter jobbar der eg kan vere meir aktiv om sommaren, seier Amanda Knudsen, ein av mange aktive me møter ein solfylt dag rundt Sognsvann.

Men dei du ser rundt Oslos mest brukte turløype er ikkje representativt for resten av befolkninga. 

Turgåar smiler på Sognsvann
Amanda Knudsen er student og fortel at ho har ein stillesittande kvardag med meir enn åtte timar på rumpa i løpet av ein dag. Ho prøvar å kompensere med aktivitet, men synest det er vanskeleg å få det til kvar dag. 

Trudde folk var meir aktive

For nordmenn flest har ein stillesittande kvardag. Berre 3 av 10 av den store stillesittande gruppa klarer anbefalingane om fem timar med fysisk aktivitet i veka, viste rapporten NIH og FHI la fram i april.

– Det er eg ikkje overraska over. Særleg etter pandemien, meiner Hans Marius Flåtten som me møter midt i ei løpeøkt.

Karin Solberg Andreassen er i 70-åra og er meir overraska.

– Det synest eg ille. Og overraskande eigentleg. Når eg er her så verkar det som folk flest er flinke til å trene og gå tur, seier Andreassen som sjølv prøver å få til eit par økter med mosjon per veke.

Eldre dame på tur på Sognvann med solbriller i godt vêr.
Karin Solberg Andreassen fortel at ho fekk seg ein knekk i koronaen og sat mykje stille. Nå trenar fast to gonger i veka og prøvar elles å få seg ein tur i og ne. 

Store helsekonsekvensar

Professor Jostein Steene-Johannesen forstår godt kvifor ho har det inntrykket når ho går rundt på Sognsvann.

– Det er framleis eit stort behov for å auke aktiviteten i befolkninga. Det er stor spreiing mellom folks aktivitetsnivå, dei som er i lite aktivitet har eit veldig lågt nivå, fortel Johannesen. 

Saman med professor Sigmund Alfred Anderssen fortel han i NIH-podden om kva som har skjedd med utviklinga av aktivitetsnivået sidan dei fyrste undersøkingane på starten av 2000-talet. 

Konsekvensane av stillesittinga kan bli store.

– Der pågår det mykje forskning. I seg sjølv er stillesitting ikkje gunstig for ei rekkje av livsstilssjukdommane. Også for muskel og skjelettplager, seier Anderssen som legg til at det er naturleg at me sit meir stille i dag enn me gjorde for 30-40 år sidan.

– I dag har fleire jobbar som gjer at me blir sittande. At det blir såpass mange timar som 8-9 timar er ein naturleg konsekvens av utviklinga vår. Men skal me akseptere den?

Korleis snu trenden?

Du høyrer også direktør ved Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg som meiner tala viser kor stor utfordring samfunnet har framover.

– Det er ei utfordring både for samfunnet og for den enkelte. Og for oss i FHI og de på NIH som skal formidle kor enkelt fysisk aktivitet kan vere, seier Stoltenberg. 

Fleire interessante funn om korleis me beveger oss og diskusjonen om korleis me skal snu trenden høyrer du i NIH-podden anten her eller der du høyrer podkast. 

Emneord: NIH-podden