«Nilsi» testar O2-opptaket i NIH-poddens jubileum: - Heilt rått resultat

Komikar og supermosjonist Nils Ingar Aadne får testa sitt maksimale oksygenopptak for fyrste gong på over 20 år i NIH-podden. Resultatet til 41-åringen imponerer NIHs ekspert.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 12. des. 2023 10:02 - Sist endret 12. des. 2023 10:11
Komikar Nilsi løper på mølla med maske i munnen for å teste o2-opptaket.

Nils Ingar Aadne trenar 10-12 timar i veka for tida, og konkurrerer både i løping og langrenn. På NIHs uthaldenheitslab fekk han teste VO2-max i løping for fyrste gong sidan vidaregåande. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø.

Nilsi og Jostein Hallen sitter i podkaststudio.
Han starta dagen på laben og etter ein dusj gjekk turen rett inn i podkaststudioet på NIH saman med professor Jostein Hallén. Der gav Jostein han svaret på testen. 
​​​​

– Presset er jo stort, eg har jo lyst til å ha eit tal eg kan seie til folk.«Best case» er jo at eg kan legge det ut på Strava. Men da skal det vere bra, gliser Nils Ingar Aadne.

Han har akkurat starta skisesongen, midt i eit travelt turnéliv som komikar. I det hektiske programmet har han fått inn eit besøk på uthaldenheitslaben på NIH.

Testa 75 på vidaregåande

NIH-podden har invitert og utfordra landets sprekaste komikar til å ta ein VO2-maxtest. Noko han ikkje har gjort sidan han som tenåring og lovande langdistanseløpar tok turen frå Vestfold til Olympiatoppen.

Da testa han 75 milliliter per kilo, men var langt frå ferdig utvoksen med rundt 50 kilo og 150 centimeter å skilte med. Han har trent ein del tusen timar sidan det og pressar stadig "persane" sine ned på løp. 

Kan han teste like godt nå som 41-åring?

– Eg var så liten på vidaregåande, så det er jo altfor gode tal. Så da kjenner ein jo på presset på å levere nå også, seier han like før han får på seg maska på mølla.

Er Nilsi i sitt livs form som 41-åring?

Det er kjent for dei fleste at «Nilsi» ikkje er ein heilt ordinær mosjonist. I 2016/2017 var prosjektet hans å leve som ein topputøvar eit heilt år. Han fekk innpass hos eit langløpslag og tok store steg som skiløpar.

Sjølv om han i åra etterpå har kombinert treninga med komikarjobben, auka han faktisk treningsmengdene i åra etterpå.

Da korona stengte landet og tok frå Nils Ingar moglegheita til å underhalde landet rundt, var han heilt oppe på over 900 treningstimar i året.

Da forstår du nok at det ikkje er ein heilt vanleg mosjonist som blir testa i jubileumet til NIH-podden. 

I episode nummer 100 er tema maksimalt oksygenopptak, og i tillegg til at Nilsi blir testa, blir det også trekt ein vinnar blant lyttarane som får gjennomføre ein O2-test på NIHs laboratorium. 

Nå trenar han mot det italienske skirennet Marcialonga. Kor mykje har det maksimale oksygenopptaket å seie for prestasjon i kondisjonsidrettar som langrenn og løping?

Oksygenopptak svært viktig i langrenn

– Det er fleire ting som påverkar det. Det lettaste er nok å sjå på endringar frå test til test. Om Nilsi har auka det maksimale oksygenopptaket sitt, er det veldig sannsynleg at han også forbetrar seg i skisporet. Men i langrenn er sjølvsagt også teknikk veldig viktig for prestasjonen, seier Jostein Hallén.

Me kan røpe såpass at testresultatet til Nilsi er svært imponerande.

Sjølv måtte han vente ein god halvtime etter å gått heseblesande av mølla. I studio hos NIH-podden kom det endelege svaret på om godt over 20 år med trening hadde gjort noko med oksygenopptaket.

– Eit veldig bra resultat. Det er veldig imponerande. Heilt rått faktisk, meiner professor Hallén.

Resultatet til komikaren må du høyre NIH-podden for å få vite. Ein ting kan me avsløre.

Han testa betre enn ein av våre skilegender som også er aktuell med podkast om dagen. 

Emneord: NIH-podden, Kondisjonstrening, Langrenn, Løping