Tre råd til deg som vil at nyttårsforsetta skal vare

Korleis gjere endringar i kosthald og trening til meir enn nyttårsforsett som ein gløymer når januar er over?

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 1. feb. 2023 05:00 - Sist endret 20. nov. 2023 17:14
Kvinne liggande på medisinball, utmatta.

Det er langt ifrå alle dagar ein har den største motivasjonen til å trene. Du må ikkje vere superflink i januar, rådar Kristin Lundanes Jonvik.

– Ikkje gjer så innmari mykje meir enn det du gjer i dag, men prøv å sett fokus på ein ting av gongen!

Kristin Lundanes Jonvik har klare råd til deg som kanskje har starta 2023 med ein ny giv og nye mål. Kanskje har du kutta alkoholen, trappa opp treninga eller prøvd å ete litt meir frukt og grønt?

Kosthalds- og treningsendringar er tema i siste episode av NIH-podden, der Jonvik er gjest.

Ikkje ver superflink i januar

Likevel kjem søtsuget like fullt ein grå januardag der sofa og TV-serie freistar langt meir enn lysløypa eller treningssenteret.

Jonvik er ernæringsfysiolog og forskar på NIH. Ho trur det er fullt mogleg å halde på nyttårsforsetta også utover januar, spesielt om du tenkjer over din eigen motivasjon.

– Feilen mange gjer at dei plutseleg skal vere superflinke og gjere mange nye ting nå i januar som dei aldri har gjort før, seier Jonvik og legg til:

– For dei aller fleste vil det føre til at dei ikkje klarer å halde på motivasjonen utover året. Velg heller noko du trur du kan meistre og som du ser for deg du kan halde på med over lengre tid.

Kor har du potensiale?

Da tenkjer ho både på type aktivitet og val ein gjer i kvardagen både i butikken og på kjøkkenet. Eitt tiltak kan vere å kutte ut eller redusere alkohol for ein periode.

– Sjå på råda som helsemyndigheitene gir og finn ein ting der du tenkjer du har potensiale. Kanskje det er alkohol, godteri eller at du ikkje får i deg fem om dagen. 

– Viss du klarer å velge deg ut ein ting som du har lyst til å bli betre på, vil det hjelpe deg. Også for vektreduksjon, om det er det som er målet ditt. 

Men kva er eigentleg målet ditt? Det er lett å tenkje at det må vere å springe eit løp eller gå eit skirenn. Men det kan like gjerne handle om familien din.

Kva motiverer deg?

Det er her motivasjonen kjem inn. Kva er det som motiverer deg for å trene litt meir og ete litt sunnare? Kanskje er det å kunne vere aktiv med barn eller venner vere ein viktig motivasjonsfaktor for deg? 

– Viss du har det bra, helsa di er god og du har det godt med deg sjølv, er det heller ikkje sikkert at du skal ned i vekt. Men viss du merkar at det hindrar deg i kvardagen, og du verkeleg har lyst til å få det til, kan det også vere lettare å gjere ei endring, meiner Jonvik. 

Ernæringseksperten trur ikkje at vektnedgang verken bør vere motivasjonen eller målet for alle. 

– Om helsa di er god, men du ser at du kanskje burde gjere nokre endringar på kosthaldet ditt, kan det vere fint å gjere. Likevel er det ikkje sikkert du skal fokusere på ein diett eller gå ned mykje i vekt. Kanskje målet ditt rett og slett skal vere å ete litt meir frukt og grønt, fordi det også er bra for barna dine og du med det kan sette eit godt eksempel. 

I denne vekas episode av NIH-podden kjem Kristin med tre klare råd til deg som vil halde på dei gode vanene lenger enn januar.

  1. Gjer det for din eigen skuld, viss du skal endre noko.
  2. Eitt steg av gangen. Ikkje gap over for mykje, da er det lettare å få det til.
  3. Søk god kunnskap, og ha litt sunn skepsis til alle råda som myldrar der ute.

Helsedirektoratets kostråd kort oppsummert:

Spis mer av dette:

  • Grønnsaker
  • Frukt
  • Bær
  • Fisk og fiskeprodukter

Spis mindre av dette:

  • Rødt kjøtt og kjøttprodukter
  • Salt og matvarer med mye salt
  • Sukker, brus, saft og godteri

Velg disse matvarene:

  • Grove kornprodukter i stedet for fine
  • Olje og myk margarin i stedet for smør
  • Magre meieriprodukter i stedet for fete
  • Vann i stedet for saft og brus

Spis variert

Spiser du mange ulike matvarer, får du lettere i deg alle næringsstoffene kroppen din trenger.

Vær fysisk aktiv

Regelmessig fysisk aktivitet forebygger plager og er en viktig kilde for god helse, livskvalitet og overskudd i hverdagen. Anbefalinger om fysisk aktivitet finner du her.

Kilde: Helsdirektoratet

Emneord: NIH-podden