Barn som er mykje ute i naturen i barnehagen får betre konsentrasjon

La barna leike i gjørma og utanom leikeplassar, seier forskar som har undersøkt barn og utetid i barnehagen. Dei har sett klare effektar av å vere mykje ute som barn.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 18. mars 2024 20:08 - Sist endret 22. mars 2024 09:19
Barn som løper og leker ute.

Forskarane fylgde over 500 barn over fleire år i barnehagar i Gran og Lunner kommune. Foto: Colourbox.

Korleis blir den psykiske helsa vår påverka av å vere ute i naturen?

Forskarane på NIH ser klare effektar både for barn og vaksne i fleire studiar dei siste åra.

Barnehagebarn blei testa med konsentrasjonstest

Vidar Ulset og forskingsgruppa hans fylgde over 560 barn frå dei var tre år til dei gjekk i andre klasse på barneskulen.

Barna gjekk i forskjellige typar barnehagar og var ute alt frå to timar til heile dagar i naturbarnehagar.

Kvart år blei barna testa i ein konsentrasjonstest,  i tillegg til at lærarane vurderte barnas hyperaktivitet og rapporterte inn kor mykje barna var ute.

Funna er oppsiktsvekkande.

– Det var ein klar samanheng mellom dei som hadde vore mest utandørs, hadde betre kognitiv utvikling, mindre hyperaktivitet og mindre uoppmerskamheit, fortel Ulset i NIH-podden.

 

Portrett Vidar

Han er nå førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og friluftslivsstudier på NIH.

Møtte barna igjen som tenåringar

Denne studien gjorde han som stipendiat i utviklingsspsykologi ved Universitet i Oslo og blei publisert i 2023.

Forskarane møtte også barna igjen som tenåringar.

Dei svarte på spørjeskjema om dei sjølv og den kognitive kontrollen deira. Det vil seie kor lett dei klarer å halde fokus på det som er viktig. Dei svarte på spørsmål om korleis dei oppfatta konsentrasjonen sin og  korleis dei klarte å følgje med i timen.

I tillegg fekk dei tilgang på resultat frå nasjonale prøver.

Igjen såg forskarane samanheng mellom dei som hadde vore mest ute i barnehagen og dei som hadde den beste kognitive kontrollen.

– Det å vere mykje ute hang mellom anna saman med betre konsentrasjon og arbeidsminne i skuletida, fortel Ulset.

24-åringar opplevde auka livsmeistring

Også for unge vaksne er det tydeleg at det å drive friluftsliv og aktivitetar ute kan ha mykje å seie for den psykiske helsa.

Jannicke Høyem undersøkte kva norske 24-åringar kjenner på når dei er ute i naturen.

Gruppa ho forska på var også mykje ute både på skulen og med familien da dei gjekk på barneskulen.

– Det me var ute etter i denne studien var å sjå korleis utøvinga av friluftslivet deira gjennom barndomen og fram til i dag påverka opplevinga deira av livsmeistring, seier Høyem som er førstelektor i friluftsliv på NIH.

Naturnærvêr, bevegelsesglede og sosialt friluftsliv

Dei såg tre hovudpunkter på korleis det påverka av den psykiske helsa deira  Gleda av å vere i bevegelse, sosialt friluftsliv og naturnærvêr

– Evnen til å vere til stades i natur og vere her og nå i augeblikket såg me var veldig viktig for dei. Det er noko som me ser at forsvinn litt i dagens samfunn, der me blir bombardert av inntrykk, me har sosiale medium og er alltid på og tilgjengelege. Evna til å vere til stades og legge vekk både fortid og framtid, den opplevinga kan me få når me er ute i naturen.

Portrett JannickeForskinga viser at det å bruke tid ute er svært gunstig for den psykiske helsa vår.

– Me ser at det gir auka evne til stressmeistring og reduksjon i negative tankar. Dei erfaringane kan vi ta med oss til andre deler av livet. Me opparbeidar oss ei form for robustheit, seier Høyem.

Gå gjennom skogen heim frå barnehagen

Og du må ikkje reise på eksepedisjon på høgfjellet for å få desse positive effektane. Kvardagsaktivitet i naturen gir dei same effektane.

– Erfaringa mi, som også er støtta av forskinga, er at det ikkje er så mykje som skal til. Det er også uavhengig av kva du gjer, men jamnlege naturmøter, gjerne i kvardagen er viktig.

– Korte naturmøter gjer at me får reduksjon i stress. Ein ekstra runde gjennom skogen på veg heim til barnehagen, og likevel rekker middagen etterpå kan vere veldig fint. Å prioritere å vere i aktivitet søndag føremiddag, det utgjer ein stor skilnad.

Leik med pinnar og klatre i tre

Barnehagar og skular burde også legge til rette for at barn får leike i naturen, og ikkje berre på leikeplassar, meiner Ulset. 

– Eit huskestativ har ein tiltenkt funksjon, mens i naturen kan barna vere kreative på ein heilt annan måte, seier han og legg til:

– Det å klatre i tre, leike med pinne, vere inne i ein busk, det gir moglegheiter for kreativ leik som tilpassar barna i større grad.

Høyr meir om dei gunstige effektane og forskinga til Høyem og Ulset i NIH-podden der du høyrer podkast. 

Der får du også høyre om kvifor bacheloren i friluftsliv på NIH skal fokusere meir på helse frå haust av.

Nå kan du nemleg ta bachelor i «Friluftsliv, helse og naturguiding".


Referanser

Les artiklene her: 

Høyem, Jannicke: Friluftsliv og psykisk helsearbeid: Hvordan sosialt friluftsliv, bevegelsesglede og naturnærvær kan bidra til livsmestring

Ulset, Vidar: Time spent outdoors during preschool: Links with children's cognitive and behavioral development

Ulset, Vidar: Link of outdoor exposure in daycare with attentional control and academic achievement in adolescence: Examining cognitive and social pathways

 

Emneord: NIH-podden, Friluftsliv, Institutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier