Dette fekk du ikkje med deg i OL: Utøvar på flyktninglag blei kasta ut

Den afghanske flyktningen Manizha Talash stilte i breakdance-konkurransen, men blei diskvalifisert på grunn av politisk protest. Ein cape med påskrifta "Free afghan women" blei for sterk kost for IOC.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 15. aug. 2024 14:08 - Sist endret 15. aug. 2024 21:03
Eiffel-tårnet i Paris som sett fra Seine-elva

Paris-OL sette publikumsrekordar og hadde svært god stemning overalt. Men kva skjedde bak dei sportslege prestasjonane? NIH-podden tar opp kontroversane. Foto: Colourbox.

OL i Paris har vore full av minneverdige augeblikk, prestasjonar og spektakulære arenaer som vil sitje i minnet hos franskmenn og sportsinteresserte lenge.

Men kva har skjedd bak desse flotte kulissene og medaljane? 

I NIH-podden ser ekspertane våre på maktspelet og kontroversane som også har prega OL. 

Og kanskje ei spesiell sak du ikkje har fått med deg i norsk media.

Var det verdt 16 milliardar?

Både undervegs og i forkant var elva Seinen det store diskusjonstema.

Målet til arrangørane og myndigheitene var å få elva, som det har vore forbode å bade i sidan 1923, rein nok for både olympisk svømming, triatlon og bading for lokale. 

Til slutt blei bakterienivået akkurat innanfor grensene slik at konkurransane blei gjennomført som planlagt.

Men var det verdt prisen?

– Eg er litt i tvil. Det kjem litt an på kva slags innfallsvinkel du har til dette her. Viss du brukar 16 milliardar kroner på å få elva rein i to veker for at svømmarar skal få lov til å boltre seg der, så håper eg for all del at det blir reint for lokalbefolkninga seinare også. For det er frykteleg mykje penger det her, seier Andreas Selliaas, redaktør i idrettspolitikk.no.

Portrett av Selliaas
Andreas Selliaas er mangeårig journalist og redaktør i idrettspolitikk.no.

Han meiner vala arrangøren har tatt går i mot logikken og argumenta om at arrangement som OL skal bygge idretten vidare.

– Det er eit veldig rart prosjekt. Det er jo ingen som kjem til å svømme i Seinen på lang lang tid framover. At du har sandvolleyallbane utanfor Eiffeltårnet gir fine bilder, men det blir jo ikkje spelt volleyball der etterpå. Kva som er arven etter eit OL kan ein ta ein diskusjon på, meiner Selliaas. 

Utøvar protesterte - blei kasta ut

Før OL spådde han og professor ved NIH, Sigmund Loland at det ville bli utøvarprotestar under OL som ville utfordre det olympiske charteret.

Det er regelverket til IOC som alle deltakarar må følgje under OL. Det seier mellom anna at OL-arenaen ikkje skal bli brukt til politiske protestar.

Det skjedde i den nye øvinga på OL-programmet, breakdance i den siste helga av OL.

Manizha Talash er frå Afghanistan, som etter at Taliban tok over makta nektar å sende kvinner til OL. Derfor deltok Talash på IOC sitt flyktninglag, som ifølgje Selliaas er IOC sitt store prestisjeprosjekt.

Da ho kom inn til kvalifiseringa hadde ho på seg ei kappe med påskrifta "Free afghan women". 

Seinare same dag blei Talash diskvalifisert. 

– Det viser på ein måte kor nådelause dei kan vere. Dette er ei jente som kjem frå eit land som ikkje let jenter delta i idrett, og så blir ho kasta ut fordi ho faktisk kjempar for at jenter i Afghanistan skal få drive idrett, seier Selliaas. 

Professor Sigmund Loland meiner at regelen er fornuftig, men at dette var ein svært rigid tolking.

– Her kan ein tenkje seg at det hadde gått å bruke litt dømmekraft, når utøvaren fremjar universelle rettigheiter, noko IOC sjølv argumenterer for. Men generelt er regelen om at olympiske arenaer ikkje skal brukast til politiske markeringar fornuftig, trur eg. Av omsyn til både utøvarar og publikum. Utøvarar kunne elles blitt utsett for eit sterkt press, seier Loland. 

Portrett av Sigmund
Sigmund Loland er professor ved Institutt for samfunn- og idrettsvitenskap, og har forska mykje på etikk i idretten mellom anna.\Foto: NIH

Sjølv seier Talash dette ifølgje CNN.

– Eg drog ikkje frå Afghanistan fordi eg er redd for Taliban, eller fordi eg ikkje kan leve i Afghanistan," sa Talash før protesten.

– Eg drog fordi eg vil gjere det eg kan for jentene i Afghanistan, for livet mitt, framtida mi, for alle.

Kjønnskamp og vegen vidare for OL

I NIH-podden kan du høyre meir om kontroversane som prega OL i Paris.

Loland og Selliaas tar for seg kjønnsdebatten rundt den algeriske boksaren Imane Khelif, dei nøytrale russiske utøvarane og vegen vidare for OL og IOC.

Høyr her eller der du høyrer podkast. 

Emneord: Idrettspolitikk, Institutt for idrett og samfunnsvitenskap, NIH-podden