Forskar på deltakarar i Norseman: 99 prosent har verdiar som tilseier hjartesvikt ved målgang

Kvart år forskar NIH på deltakarane i verdas hardaste triatlon. Spesielt eitt funn overraskar forskarane.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 29. aug. 2024 08:43 - Sist endret 29. aug. 2024 08:47
Bildet kan inneholde: væpne, shorts, oransje, bord, har.

Trine Stensrud testar ein av deltakarane sin lungefunksjon dagen før start i Eidfjord i 2023. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø.

250 deltakarar kastar seg kvart år i Eidfjorden for å svømme 3,8 kilometer, sykle 180 kilometer og springe 42,2 kilometer. 

Kvart år sender også NIH ei forskingsgruppe til Norseman for å teste deltakarane rett før start og etter målgang. 

– Unikt innblikk i kroppen

Dei har mellom anna testa både lungefunksjon, kroppssamansetning og korleis kroppen reagerer på det kalde vatnet. Mange av dei blir også testa nokre veker før start.

Bildet kan inneholde: smil, erme, kosmetisk tannbehandling, kjole skjorte, funksjonær.
Jonny Hisdal er til dagleg professor ved Institutt for klinisk medisin ved Universitet i Oslo. Foto: Fredrik Neumann.

– Norseman er ei utruleg fin setting for å undersøke korleis kroppen reagerer når me gjennomfører ekstrem fysisk aktivitet. Noko me mest sannsynleg ikkje hadde fått lov til å gjennomføre i eit laboratorium, seier professor Jonny Hisdal og legg til: 

– Dette er ei skattekiste for forskarar. Det gjev oss eit unikt innblikk i korleis kroppen vår reagerer på ein sånn ekstrem påkjenning.

 

Redusert lungefunksjon

Dei har forska på eit utval av deltakarane kvart år sidan 2016. 

Eit av funna er at lungefunksjonen blir mellom anna kraftig redusert hos dei aller fleste deltakarar.

– 45 prosent av dei me har testa har ein reduksjon på 10 prosent eller meir etter målgang. Det er det me kan definere som å ha anstrengelsesutløyst astma. 30 prosent har denne reduserte lungefunksjonen også dagen etter, fortel professor Trine Stensrud i NIH-podden. 

Men det forskarane har blitt aller mest overraska over er verdiane til dei ulike biomarkørane (stoff eller molekyl som kan målast i ein kropp) dei testar.

Bildet kan inneholde: person, nese, munn, kjeve, øre.
Trine Stensrud instruerer deltakarane i ein av fleire testar som målar lungefunksjonen til deltakarane. 

– Enkelte biomarkørar er skyhøge. Det har overraska oss litt, fortel Hisdal som sjølv har gjennomført fleire gonger og også er ein del av arrangørstaben.

Dei har vore interessert i korleis ekstrem uthaldenheit som å gjennomføre Norseman påverkar ulike biomarkørar i kroppen. 

– Vi har vore opptatt av å finne ut kva som eigentleg er normalt nivå på desse biomarkørane når deltakarane kjem i mål. Viss for eksempel ein deltakar veltar under Norseman og hamnar på sjukehus, kan det få store konsekvensar om testane legane tek har høge verdiar. Det kan til og med vere undersøkingar som har ein viss risiko for pasienten, forklarer Hisdal.

Kan få praktisk betydning for helsevesenet

Han fortel at rett etter målgang har 99 prosent av deltakarane dei har testa, ein proBNP, som tilseier at dei har fått hjartesvikt. 

– Viss dei hadde tatt med den prøva til ein doktor så hadde han sagt: «Oi, denne pasienten har hjartesvikt. Og det er berre eitt eksempel, det er mange biomarkørar som er veldig høge, seier Hisdal.

Bildet kan inneholde: personlig datamaskin, computer, bord, stol, moro.
Helene Melsom er lege og stipendiat ved UIO og har tidlegare vore med i forskarteamet. I 2023 fullførte ho sjølv Norseman og stilte i tillegg som deltakar i forskingsprosjektet.

Nå er målet å finne kva som er normale referansar for dei gjennomfører slike ekstreme uthaldenheitskonkurransar, for å faktisk skilje dei frå dei som faktisk har hjartesvikt eller hjarteinfarkt. 

– Målet vart er rett og slett at dette skal få praktisk betydning. Draumen er at det blir utarbeida nye referanselinjer for dei som gjennomfører eller driv med ekstrem fysisk aktivitet. Når legar skal sjå på verdiane på biomarkørane, så har dei ein eigen referanselinje for dei som har gjennomført f.eks Norseman, og dei som ikkje har. 

Deltakarane i forskingsprosjektet svarar også kvart år på spørjeskjema. Derfor veit forskarteamet nå mykje om kven desse 250 deltakarane er som kvart år er heldige og får tak i startnummer.

Dette er nokre av funna:

  • 53 prosent har belastningsskade som går over lang tid.
  • Dei trenar frå fem timar i veka til 25 timar. Gjennomsnittsdeltakaren trenar 12-13 timar. 
  • Deltakarane trenar mest sykling. Svømming er berre 4-5 prosent av treningstida.
  • Mange av deltakarane har testa sitt maksimale oksygenopptak i forkant. Resultata er frå 45 ml/kg/min til 70. Gjennomsnittet er på 57.
Fjell, hotell og Norseman-skilt
Når deltakarane hentar startnummeret i Eidfjord sentrum står også forskarteamet frå NIH klare til å teste dei.

Kroppstemperatur på 33 grader

Arrangørane har også gjort grep med gjennomføringa ettersom forskingsresultata har kome. 

I mange år har dei målt kroppstemperaturen til enkelte av deltakarane ved hjelp av ei temperaturpille. 

Vasstemperaturen i Eidfjorden var heilt nede i 10 grader i 2015. 

– Me har funne ut at det ikkje er forsvarleg å symje i så kaldt vatn, sjølv med triatlondrakt. Om dei hadde svømt full distanse i 2015, ville 25 prosent sannsynlegvis blitt kraftig nedkjølt og hatt ein kroppstemperatur under 35 grader, seier Hisdal om året da svømmedistansen blei korta ned.

Når det gjeld kaldt vatn har forskarane funne ut at tida ein er i vatnet er den faktoren som betyr mest. 

I 2018 var det 18 grader i vatnet, likevel hadde ei kvinneleg deltakar som brukte godt over to timar på distansen, 33 grader i kroppstemperatur.

– Det å vere lenge ute i kaldt vatn kan vere farleg. Og sjølvsagt er det sånn at jo tynnare ein er, jo mindre toler ein det kalde vatnet. Våtdrakta har også stor betydning. Viss den ikkje passar godt og ein ikkje er godt nok beskytta i ho, så vil du nok også bli raskare nedkjølt.

Lite som tyder på permanente skader

Men er det helseskadeleg å gjennomføre Norseman? Får deltakarane varige plagar av å ha krige seg gjennom ein kald vestlandsfjord, tråkka seg over Hardangervidda og sprunge opp til Telemarks tak?

– Det er veldig lite som tydar på at ein får permanent skade av å gjennomføre Norseman. Deltakarane går tilbake til normalverdiane sine innan 14 dagar. Det kjem an på kor godt trena ein er og kor raskt ein restituerer. Dei som er dårlegast trenabrukar kanskje tre veker på å kome fullt tilbake, seier Hisdal.

Likevel er det nokre grupper han ikkje vil anbefale å melde seg på.

– Eg vil nok ikkje anbefale om du er dårleg trent. Da er det nødvendigvis ikkje bra for kroppen eller ei god oppleving. Så lenge du har eit visst fysisk nivå vil eg anbefale det. 
Viss du har hjartesjukdom eller rytmeforstyrring eller andre ting som gjer at du ikkje bør presse deg så hardt, så synest eg ikkje me kan anbefale det. 

Forskarkollega Trine Stensrud oppsummerer:

– Det er meir skadeleg for kroppen å ikkje trene enn å gjennomføre Norseman.

Høyr heile episoden her.


 

Emneord: NIH-podden, Institutt for idrettsmedisinskfag, sykling, Løping