Andrea Engesæth forstår utøvarar som slit med å få i seg nok energi: – Det er lett å få tunnelsyn

At idrettsutøvarar får i seg mindre energi enn dei treng (REDs) kan få store konsekvensar. Mellom- og langdistanseløper Andrea Modin Engesæth har sjølv kjent på utfordringane, og er glad for at det har kome nye retningslinjer for å førebygge. 

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 3. jan. 2024 19:19 - Sist endret 16. jan. 2024 14:31
Løpere under løp på Bislett. Andrea i front.

Andrea Modin Engesæth er i noregstoppen på langdistanse. I NIH-podden er ho ei av gjestene som snakkar om energimangel i idretten (REDs) saman med Jorunn Sundgot-Borgen og Anne Marte Pensgaard. Foto: Samuel Hafsahl. 

 

– Det har jo heilt klart vore vanskeleg til tider. Når du er yngre så tenker du kanskje ikkje at det er så viktig, og har ikkje like bra vaner og rutiner på ting.

Andrea Modin Engesæth satsar hardt på løping og kan skilte med to NM-gull på 3000 meter hinder og i terrengløp.

Var vanskeleg på vidaregåande

22-åringen fortel i NIH-podden at ho nå føler at ho har fått til ein god balanse mellom toppidretten, kosthald, restitusjon og studia på NIH. 

Ho er ærleg på at det var vanskelegare da ho gjekk på vidaregåande.

– Det er jo ei tid som er prega av mykje stress, da kunne det vere utfordrande å få i seg nok. Men nå som eg har blitt eldre og vore gjennom ei periode der eg var litt dårleg på det, så ser eg at det er sånne ting ein ikkje skal tulle med. Det er viktig å ha sånne ting på plass, slik at ein kan få mest mogleg ut av treninga, seier løparen frå Sandefjord og legg til:

– Det kjem jo også eit liv etter karrieren, og på sikt vil ein kanskje ha barn. Da er det viktig at kroppen fungerer som den skal, seier Engesæth som går bachelor i Sport Management ved sidan av satsinga på friidretten.

– Når ein står i det sjølv, så er det kanskje lett å få litt tunnelsyn.

 

Sundgot-Borgen:  Er ikkje klar over at dei har for lite energi

NIH-podden tar opp temaet energimangel blant utøvarar i siste episode, som også er kjent som REDs. Det er ein tilstand som rammar idrettsutøvarar som ikkje får i seg den energien dei treng over tid.

– Det er så enkelt som at du har ikkje nok energi til å vakse og utvikle deg, til å fungere optimalt, og ikkje minst til å få til det du ynskjer på trening og restituere deg slik at du er klar til neste økt, seier Jorunn Sundgot-Borgen som har vore ein del av IOCs ekspertgruppe som har laga retningslinjer for idretten om REDs.

Bildet kan inneholde: kinn, leppe, smil, øyevipper, kjeve.
Jorunn Sundgot-Borgen er professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH og har forska mykje på eteforstyrringar blant idrettsutøvarar.

Ho er glad for at ein utøvar som Andrea fortel om korleis ho har opplevd utfordringane, og håpar alle utøvarar høyrer det ho fortel i NIH-podden.

– Det er nettopp det ho seier, at det er ulike grunnar til at ein kjem i den situasjonen og får i seg for lite energi. Nokre kjem i ein slik situasjon utan at dei er klare over det. Dei har litt for lite tid, er ikkje så gode til å planlegge og det er mykje som skjer elles i livet. Det er ganske enkelt å ta tak i den problematikken, meiner Sundgot-Borgen.

Kan få alvorlege konsekvensar

For konsekvensane kan øydelegge ei idrettskarriere og også påverke livet etter.

– Viss dette her går over lang tid, så er det alvorlege konsekvensar. Da tenkjer me på ting som for eksempel går utover immunforsvaret ditt, det går utover beinhelsa og skjelettet ditt. Og det kan også gå utover moglegheita til å få barn. 

Professor i idrettsspsykologi Anne Marte Pensgaard har også vore med i ekspertgruppa. Ho er klar på at det kan vere vanskeleg å stoppe utøvarar som har stor motivasjon og vil gjere alt dei kan for å bli best.

– Nokre av desse fasane er ikkje sunne, i hvert fall ikkje over tid. Da må det vere vaksne, trygge folk rundt utøvarane til å ta avgjerder og stoppe når ting ikkje er bra. Det er eit stort ansvar, men det må ein vere villig til å ta når ein er i dei situasjonane, seier Pensgaard. 

Bildet kan inneholde: person, nese, kinn, smil, leppe.
Anne Marte Pensgaard har jobba mykje med mental trening blant dei beste utøvarane våre. Mellom anna fotball- og handballandslaga.

Ho legg vekt på at utøvarane må få god kunnskap og informasjon.

– Vi må vere gode til å heile tida utdanne og informere utøvarane så dei har moglegheit til å vurdere nokre situasjonar. Sjølv om dei ikkje nødvendigvis alltid klarer å ta det beste valet der og da, aleine. For det er nettopp det at dei tenkjer litt meir kortsiktig, og ikkje klarer å sjå dei langsiktige konsekvensane, fortel Pensgaard som i tillegg til å vere professor på NIH, også jobbar med topputøvarar på Olympiatoppen.

Det at ein kan få positiv effekt ved å gå i ned vekt i nokre idrettar, kan vere ei stor utfordring, meiner ho.

– Kanskje får ein ei auke i prestasjonen på starten av ei slik ferd. Og i tillegg positive tilbakemeldingar på kropp og utsjånad. Det kan vere vanskeleg å endre på noko du har fått positiv feedback på, som du kanskje har lyst til å oppretthalde. Så det er absolutt komplekst, forklarer Pensgaard. 

Ekspertane understreker at REDs ikkje er noko som berre råkar kvinnelege utøvarar. Sundgot-Borgen er kjent som ein av dei fremste ekspertane på eteforstyrringar. 

Det er skilnad mellom utøvarar som slit med relativ energimangel og eteforstyrringar.

– Det som er viktig å seie er at du kan ha låg energitilgjengelegheit og REDs utan å ha ei eteforstyrring. Men mange av dei som har eteforstyrringar vil også ha dette REDs-syndromet. Når det begynner å bli slik at det som betyr mest for deg er mat, kropp og vekt, og det er det som opptar deg 24 timar i døgnet. Og det også blir viktigare enn for eksempel å prestere i idretten, da beveger du deg godt inn i det vi kallar forstyrra eteåtferd eller klinisk eteforstyrring, forklarer Sundgot-Borgen.

Snakk om sjokomjølk etter trening

Andrea Modin Engesæth rådar deg som er trenar eller forelder til å tørre å ta praten, sjølv om det temaet kan vere vanskeleg.

– Veldig mange synest det er vanskeleg å snakke om, kanskje spesielt mannlege trenarar. Men ein treng ikkje å tenke for stort på det. Det skal vere ei sjølvfølge at ein får i seg nok mat rett etter trening. Snakke om å få i seg sjokomjølk og ha gode rutiner. Som trenar og vaksen bør ein ta ekstra grep for dei yngre. For dei ser det kanskje ikkje sjølv, seier 22-åringen.

Høyr meir om kva råd professorane gjer deg som utøvar, trenar, lagkamerat og forelder i siste episode av NIH-podden.

Emneord: Løping, Langrenn, Kondisjonstrening, Ernæring, Institutt for idrettsmedisinskfag, Institutt for idrett og samfunnsvitenskap, Idrettspsykologi