IDR107 Idrett og samfunn (Høst 2023)

Studiepoeng:
10
Ansvarlig avdeling:
Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
Emneansvarlig:
Gudmund Skjeldal
Undervisningssemester:
Høst
Varighet:
½ år

Kort om emnet

Emnet tar for seg idrett som sosialt og kulturelt fenomen – med særleg vekt på norske forhold. Eitt viktig moment i denne samfunnsramma er at idrett må forståast i vidare forstand enn den aktiviteten som er organisert i regi av Norges idrettsforbund, olympiske komité og paralympiske komité (NIF), så som friluftsliv, og treningssenterbransjen, eksemplifiserer.

 

Emnet er bygd opp tematisk og gjev teoretiske perspektiv frå faga historie, etikk/idrettsfilosofi og idrettssosiologi.

Læringsutbytte

Studenten skal etter gjennomført emne kunna

 

  • skildra korleis norsk idrett – inkludert organisasjonar knytt til friluftsliv, kommersielle idrettstilbod, og eigen-organisert idrett – er bygd opp, og forklara omgrepet ‘fysisk kultur/’bevegelseskultur’

  • gjera greie for omgrepa ‘frivilligheit’ og ‘sivilt samfunn’ – og dei tilknytingspunkta idretten også har til stat og til marknad

  • diskutera forholdet mellom idrett og kjønn, idrett og sosial klasse, og idrett og etnisitet.

  • identifisera både sentrale brot og samanhengande linjer i historia til norsk idrett, inkludert friluftsliv og paraidrett, særleg med vekt frå 1800-talet og fram til i dag

  • gjera greie for etiske modellar, og drøfta ulike verdiutfordringar, inkludert berekraftsproblematikk(-ar)

  • meistra god vitskapleg referanseskikk, og bruka norsk APA-referansestil

  • presentera fagstoff skriftleg og munnleg, og gje konstruktiv kritikk til andre

Læringsformer og aktiviteter

Studentaktive og samarbeidande læringsformer vil i stor grad prega gjeremåla i faget. I par (to) skal studentane skriva korte fagartiklar, presentera desse munnleg i seminargrupper, og gje kvarandre framovermeldingar på desse fagartiklane, skriftleg og munnleg.

 

I tillegg vil emnet ha kortare fellesførelesingar – og arbeidsoppgåver av ulike slag.

Arbeidskrav

Deltaking i seminargruppene er obligatorisk (90 %).

 

Alle studentane skal (i par):

 

  1. levera enkel fagartikkel skriftleg

  2. presentera denne munnleg i seminargruppe

  3. gje framovermelding til andre studentar munnleg

  4. gje framovermelding til andre studentar skriftleg

 

Alle desse fire momenta skal godkjennes av seminarleiar.

 

I tillegg skal alle studentane ha gjort ein innleiande kviss i APA-referansestilen/plagiatproblematikk.

 

Arbeidskrava må vera godkjende for å kunna bli sluttvurdert i emnet.

Vurdering/eksamen

  • Fagtekst, basert på seminarbidraget, levert og vurdert som par (to stk). Gradert karakter A-F. Tel 4/5 av samla karakter.

  • Fleirvalskviss med spørsmål frå læringsutbyttemåla (kulepunkt 1 til og med 6). Individuell levering. Gradert karakter A-F. Tel 1/5 av samla karakter.

 

Vi gjer merksame på at tekstar som blir leverte i WISEflow vil bli køyrd gjennom plagiatkontroll.

Kjernelitteratur

 

Akademisk skriving:

1 bok:
Rienecker, L., & Jørgensen, P. S. (2013). Den gode oppgaven: Håndbok i oppgaveskriving på universitet og høyskole (2. utg.). Fagbokforlaget.
Kapittel 1-3, 6-7 og 10-11 skal leses.
Boka er anbefalt litteratur ved bacheloppgaven i flere program på NIH, og kan med fordel leses/brukes gjennom hele utdanningsløpet ved høgskolen.

1 manual/veiledning
Redaksjonen for norsk APA-stil. (2023). Norsk APA-manual: En nasjonal standard for norskspråklig APA-stil basert på APA 7th (Versjon 1.9). Sikt. https://sikt.no/norsk-apa-referansestil
Denne viser hvordan du henviser til kilder i tekst og hvordan du utformer referanselista og bør brukes aktivt, også på eksamen.
________________________________________________________________________________________

 

2 bøker:
Goksøyr, M. (2022).Historien om norsk idrett (2. utg.) Abstrakt.

Enten denne boka (3. utg.):
Loland, S. (2023). (3. utg.). Idrettsetikk. Fagbokforlaget.

Eller denne boka (2. utg.):
Loland, S. (2015). Idrettsetikk (2. utg). Akilles.

1 artikkel i elektronisk tidsskrift:
Rafoss, K. & Tangen, J. O. (2017). Den norske idrettsmodellen: I utakt med tiden? Norsk sosiologisk tidsskrift, 1(2), 152-170. https://doi.org/10.18261/issn.2535-2512-2017-02-04

1 kapittel i e-bok:
Tjønndal, A. & Nilssen, M. (2022). Bærekraft i idrett og friluftsliv. I A. Tjønndal, A. K. Lund & M. Nilssen (Red.), Bærekraft i idrett og friluftsliv (s. 17-55). Universitetsforlaget. https://www.idunn.no/doi/10.18261/9788215061153-2022-01

1 rapport:
Sandvik, M. R., Aune, L. S., Strandbu, Å. & Sogn, H. (2022). Trygg på trening med Redd Barna: Første delrapport i et følgeforskningsprosjekt [Rapport]. Norges idrettshøgskole, Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett. https://www.nih.no/forskning/sentre/fobu/rapporter/delrapport-1-trygg-pa-trening-2022.pdf

1 digitalt kompendium som ligger i Canvas (1 PDF):
Skjeldal, G. (Red.). (2023). IDR107: Idrett og samfunn: Høsten 2023 [Digitalt kompendium].

Referanselista til det digitale kompendiet, alfabetisk etter APA 7. utg.:
Andersen, E. (2010). Erling Stordahl: Ildsjel og banebryter. Akilles.

 

Gammelsæther, H. (2016). Poeng, penger og politikk: Et institusjonelt perspektiv på idrettsledelse. Cappelen Damm.

 

Giddens, A., & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Polity press.

Korsgaard, O. (1982). Kampen om kroppen: Dansk idræts historie gennem 200 år. Gyldendal.

 

Lesjø, J. H. (2008). Idrettssosiologi: Sportens ekspansjon i det moderne samfunn. Abstrakt.

 

Thing, L. F. & Jensen, A. L. (2016). Sport, køn og krop: Køn som variabel, struktur eller gøren? I L. F. Thing & U. Wagner (Red.), Grundbog i idrætssociologi (s. 186-205). Munksgaard Danmark.

 

Østergaard, C. (2016). Bourdieu: Smag, distinktion og idrætten. I L. F. Thing & U. Wagner (Red.), Grundbog i idrætssociologi (s. 53-70). Munksgaard Danmark.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 22. juli 2024 11:25:11