IDR107 Idrett og samfunn (Høst 2024)

Studiepoeng:
10
Ansvarlig avdeling:
Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
Emneansvarlig:
Gudmund Skjeldal
Undervisningssemester:
Høst
Varighet:
½ år

Kort om emnet

Emnet tar for seg idrett som sosialt og kulturelt fenomen - med særleg vekt på norske forhold. Eitt viktig moment i denne samfunnsramma er at idrett må forståast i vidare forstand enn den aktiviteten som er organisert i regi av Norges idrettsforbund, olympiske komité og paralympiske komité (NIF), så som friluftsliv, og treningssenterbransjen, eksemplifiserer.
Emnet er bygd opp tematisk og gjev teoretiske perspektiv frå faga historie, etikk/idrettsfilosofi og idrettssosiologi.

Læringsutbytte

Studenten skal etter gjennomført emne kunna

  • skildra korleis norsk idrett - inkludert organisasjonar knytt til friluftsliv, kommersielle idrettstilbod, og eigen-organisert idrett - er bygd opp

  • gjera greie for omgrepa ‘frivilligheit’ og ‘sivilt samfunn’ - og dei tilknytingspunkta idretten også har til nøkkelinstitusjonane stat og marknad

  • diskutera forholdet mellom idrett og kjønn, idrett og sosial klasse, og idrett og etnisitet

  • identifisera både sentrale brot og samanhengande linjer i historia til norsk idrett, inkludert friluftsliv og paraidrett, særleg med vekt frå 1800-talet og fram til i dag

  • gjera greie for etiske modellar, og drøfta ulike verdiutfordringar, inkludert berekraftsproblematikk(-ar)

  • meistra god vitskapleg referanseskikk, og bruka norsk APA-referansestil

  • presentera fagstoff skriftleg og munnleg, og gje konstruktiv kritikk til andre

Læringsformer og aktiviteter

Studentaktive og samarbeidande læringsformer vil i stor grad prega gjeremåla i faget. I par (to) skal studentane skriva korte fagartiklar, presentera desse munnleg i seminargrupper, og gje kvarandre framovermeldingar på desse fagartiklane, skriftleg og munnleg.
I tillegg vil emnet ha kortare fellesførelesingar - og arbeidsoppgåver av ulike slag.

Arbeidskrav

Deltaking i seminargruppene er obligatorisk (90 %).

Alle studentane skal (i par): 

  1. levera enkel fagartikkel (utkast) skriftleg

  2. presentera denne munnleg i seminargruppe

  3. gje framovermeldingar til andre studentar munnleg

  4. gje framovermeldingar til andre studentar skriftleg

Alle desse fire momenta skal godkjennast av seminarleiar.

I tillegg skal alle studentane ha gjort ein innleiande kviss i APA-referansestilen/plagiatproblematikk.

Arbeidskrava må vera godkjende for å kunna bli sluttvurdert i emnet.

Vurdering/eksamen

  • Fagtekst, basert på seminarbidraget, levert og vurdert som par (to stk). Gradert karakter A-F. Tel 3/4 av samla karakter.

  • Fleirvalskviss med spørsmål frå læringsutbyttemåla (kulepunkt 1 til og med 6). Individuell levering. Gradert karakter A-F. Tel 1/4 av samla karakter.

Vi gjer merksame på at tekstar som blir leverte i WISEflow vil bli køyrd gjennom plagiatkontroll.

Kjernelitteratur

Pensumliste for høsten 2024.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 3. juli 2024 06:25:25