IS215 Idrett og medium (Vår 2024)

Studiepoeng:
10
Ansvarlig avdeling:
Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
Emneansvarlig:
Gudmund Skjeldal
Undervisningssemester:
Vår
Varighet:
½ år

Kort om emnet

Emnet gjev ei innføring i relasjonane mellom idrett og medium, med syn for historiske utviklingstrekk, og med teoretiske og kritiske drøftingar av korleis idrett og medium står i moglege avhengigheitsforhold til kvarandre i dag. Idrett må forståast breitt, ikkje berre som toppidrett eller konkurransesport.

Medium skal også forståast i vid forstand, og omfattar både bøker, film, foto, reklame, og sosiale medium, attåt meir tradisjonelle nyheits- og underhaldningsmedium (basis-medium). Kort sagt formidlar emnet korleis idrett og medium påverkar kvarandre – med det norske samfunnet som viktigaste referanseramme.

Læringsutbytte

Studentane skal etter gjennomført emne kunna

  • gjera greie for grunnleggjande forhold og definisjonar om ulike medium – og kjenna til mediebruk og medievanar i det norske samfunnet i dag

  • skildra korleis idrett påverkar medieøkonomien i samtida, både nasjonalt og internasjonalt

  • fortelja korleis sportsjournalistikken har utvikla seg historisk, gjennom ulike medium, og drøfta – også kritisk – kva bilete eller omgrep av idrett som denne journalistikken formidlar i dag

  • tolka ulike medieforteljingar om idrett (så som fiksjonsfilmar, biografiar, tv-seriar, reklame)

  • drøfta ved hjelp av fagomgrep, og reflektera kritisk over korleis idrett/idrettar blir påverka og endra av ulike medium – og om idrett (i ulik tyding) påverkar og endrar medium

  • formidla dei ovanfornemnte problemstillingane i skriftlege og munnlege massemedie-tilpassa sjangrar

Læringsformer og aktiviteter

Emnet legg opp til både sjølvstudium, arbeidskrav og førelesingar. Førelesingar legg opp til både førearbeid og etterarbeid, stundom i grupper. Nokre førelesingar vil ha bidrag av gjester, i form av intervju og eller diskusjonar, eller større seminar. Førelesingane vil også vera arbeidsverkstader for ulike oppgåver, og føreset aktiv medverknad frå studentane. Eigeninnsats/studium i kollokviegrupper er ein føresetnad for god læring i emnet.

Arbeidskrav

  • Levering av 1) emne for podkastepisode, og 2) problemstilling til podkast (gruppevis).

  • Bloggutkast med mediekritikk relatert til feltet idrett (individuelt).

Arbeidskrava må godkjennast for å kunna bli sluttvurdert i faget.

Vurdering/eksamen

Individuelt:

  • levering (skriftleg) av tolking (referat + analyse + vurdering) av sjølvvald bok, film, serie, reklame – relatert til emnet idrett – eller sportssending på tv/radio.

I grupper (2-3):

  • podkast-episode, med sjølvvald tema og problemstilling frå relasjonen mellom idrett/sport og medium/media.

Vurderingsvariablar i emnet er bestått/ ikkje bestått. Både gruppearbeidet og det individuelle arbeidet må ha «bestått» – for å nå karakteren bestått i emnet.

Kjernelitteratur

Ettersom vi er i en overgangsfase mellom to systemer viser vi til Studiehåndbok 2023-2024 for litteratur for emner studieåret 2023- 2024: https://www.nih.no/studier/program-og-emneplan-arkiv/2023-2024/.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 22. juli 2024 11:25:31