Leiarstilling innan aktivitet, læring og meistring i Kvinnherad kommune

Som einingsleiar i Kvinnherad kommune har Geir Ove Fosse høve til  å påverke den kommunale organisasjonen og tenestene i eit førebyggjande og helsefremjande perspektiv. Eit spanande og viktig arbeid. 

Publisert 19. okt. 2023 11:10
Profilbilde Geir Ove

Geir Ove Fosse har ein bachelor og praktisk pedagogisk utdanning fra Høgskulen i Sogn og Fjordane, og ein mastegrad ved Norges idrettshøgskule 

I 2008 starta Geir Ove på ein mastegrad i idrettsmedisin ved Norges idrettshøgskule (NIH). I forkant hadde han teke ein bachelor og praktisk pedagogisk utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

- Eg hadde ikkje ein konkret målsetnad med utdanninga mi, men vurderte det som at ein mastergrad var naudsynt om eg ville arbeide innan utdanning på høgare nivå, forsking eller leiande stillingar, fortel han.

Arbeid etter studiane

Då han vart ferdige med studiane fekk han arbeid ved hjarte og lungeavdelinga på Rikshopitalet. Her var han i om lag 1,5 år.

- På det tidspunkt vart det lyst ut 100 % stilling som ansvarleg for Frisklivssentralen i min heimkommune på Vestlandet. Desse stillingane finnes det ikkje mange av. Eg valte difor å flytte heim for å starte opp og etablere Frisklivssentralen i Kvinnherad kommune. Denne stillinga hadde eg i 5 år. I periodar hadde eg også stillinga som Folkehelsekoordinator. Ei spanade stilling som går ut på å sikre det overordna folkehelseperspektivet i kommunen, mellom anna gjennom å sikre god oversikt over helsetilstanden i kommunen. Arbeidet krev inngåande kunnskap der ein nyttar seg av statistiske kjelder, fagkunnskap og lokalkunnskap for å analysere folkehelsa lokalt.

I 2017 søkte han og fekk stilling som einingsleiar for aktivitet, læring og meistring i Kvinnherad kommune. Leiarstillinga gav større rom for å påverke den kommunale organisasjonen og tenestene i eit førebyggjande og helsefremjande perspektiv, noko Geir Ove syns er spanande og viktig.

- Som einingsleiar har eg fag-, økonomi- og personalansvar. Eininga er sett saman av fleire førebyggjande og helsefremjande tilbod og tenester i kommunen, mellom anna Frisklivssentral, støttekontaktteneste, sosiale møteplasser, og arbeids- og aktivitetstilbod.

Betre helse og livskvalitet for innbyggjarane i Kvinnherad kommune

I tidligare stillingar har han vore direkte knytt til tenesteyting gjennom blant anna individuell samtalar, (råd og rettleiing) og gruppetilbod som fysisk aktivitet og ulike lærings- og meistringstilbod (planlegge og gjennomføre kurs for personar med til dømes KOLS og diabetes). Det er mindre rom for denne typen arbeid i ei leiarstilling.

- Som leiar har eg i større grad høve til å forme tenestene i ei retning eg er oppteken av i form av å legge til rette for aktivitet i vidt omfang, både fysisk aktivitet, friluftsliv, hobby og kulturaktivitetar, arbeidstrening og anna. Eg skal i best mogleg grad legge til rette for at kommunen gjev gode, målretta og kvalitetssikra tenester med fokus på aktivitet. Det er godt å vete at ein legg til rette for at medmenneske får hjelp og støtte til betre helse og livskvalitet.

Geir Ove meiner at utdanninga gav han ein fagleg tyngde som er nyttig i dei jobbane han har hatt. Spesielt har det praktiske arbeidet under mastergraden blitt direkte avgjerande for jobben ved Rikshospitalet. Vidare vart mastergraden og praktisk pedagogisk utdanning svært godt tilpassa stillinga i Frisklivssentralen. Samtidig meiner han at nettverket han fekk på NIH har vore av stor betydning i jobbsøkinga.

- Det er heilt klart at kontakten med personar eg har fått kjennskap til gjennom studiet har vore avgjerande for stillingane eg har fått etter utdanning. Det har opna opp moglegheiter som eg ikkje ville fått utan NIH, avsluttar han, avsluttar han.

Interessert i studier ved NIH?

Bli kjent med våre studenter og få et innblikk i hvorfor de valgte å satse på lidenskapen. Få samtidig et innblikk i deres studiehverdag, og hør hvorfor idrettstudier kan være noe for nettopp deg. Se ulike videoklipp og filmer her.