Studiepoeng:
60
Studiets varighet:
1 år
Organisering:
Heltid

Programplan for Årsstudium i Idrett og samfunn (2024–2025)

Hovedmål

Idrett og samfunn er eit eittårig studietilbod/program der ein kastar lys over sentrale aspekt ved idretten sin plass i samfunnet. Filosofiske, sosiologiske, kulturelle og historiske perspektiv ligg til grunn. Problemstillingar knytt til berekraft og mangfald er det fleire av emna som handsamar. Studiet/programmet vil vera nyttig for studentar som søker kunnskap om rolla og funksjonen til idrett særleg i det norske samfunnet og om idrett som generelt og populært kulturfenomen. Studiet/programmet vil kunna gå inn i ei bachelorgrad i idrettsvitskap eller andre bachelorgrader. Som del av ei bachelorgrad på NIH vil studiet/programmet danna grunnlaget for opptak til masterstudium i idrettsfilosofi, idrettssosiologi, idrettshistorie, og sport management (idrettsleiing).

Relevans

Norsk idrett er del av det sivile samfunnet, og baserer seg fortsatt mykje på frivillig innsats. For å forstå desse dimensjonane, og kunne gripa an mange slags konkrete jobbar – anten det er i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komite (NIF), i eit særforbund, ein klubb, eller ein annan organisasjon som bygger på frivilligheit (Røde Kors, osv) – er fordjuping i idrettens samfunnsdimensjonar av stor verdi. Årsstudiet tematiserer også FNs ulike bærekraftsmål, som mange samfunnssektorar i Norge har forplikta seg på. «Idrett og Samfunn» gjev dessutan innsikt i mange medium, nye og gamle, og i leiingsteoriar som kan ha relevans for mange lønna yrke, også i privat sektor.

Kvalifiserer til

Eit fullført og bestått årsstudium i idrett og samfunn kvalifiserer til opptak direkte til 2. studieår ved bachelor i Sport Management. Karakterene frå årsstudiet kan gå inn i opptaksgrunnlaget.

I kombinasjon med andre studium vil programmet gje ei plattform for å arbeida med idrett også som journalist, med idrettspolitikk eller i offentlig forvaltning m.m.

Opptakskrav

Opptakskrav til studiet er generell studiekompetanse (GSK) eller realkompetanse.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har etter endt studium

  • ei samlet forståing av idrett som kulturfenomen og idretten si rolle og betydning i samfunnet

  • kunnskap om idrett, kultur og samfunn ut frå ulike idrettsvitskaplege perspektiv

Dugleik

Kandidaten kan etter endt studium

  • finna, nytta og vurdera relevant fagstoff for å belysa ei problemstilling

  • formidla og drøfta sentralt fagstoff

Generell kompetanse

Kandidaten kan etter endt studium

  • arbeida sjølvstendig med sentrale idrettsvitskaplege tema ut frå dei teoretiske perspektiva som ein kastar lys over i studiet

  • visa kritisk refleksjon om forholdet mellom idrett, kultur og samfunn

Læringsformer og aktiviteter

Programmet «Idrett og Samfunn» er delt i seks ulike emne. Fem av dei baserer seg mykje på samhandling i klasserom og i seminar, med førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar, presentasjonar, skrivetreningar, og sjølvstudium. Eit emne er heildigitalt, og baserer seg på kommunikasjon gjennom Canvas og epostar. Variasjonen i arbeidsformer er stor, og læringstilnærmingane til dei ulike førelesarane kan spenna vidt.

Vurdering av studentenes læring

Fire av emna baserer seg på vurdering med gradert karakter, to av emna med bestått/ ikkje bestått. Somme av emna legg opp til mappeleveringar og tette oppfølgjingar, andre med arbeidskrav som peikar mot ein avsluttande eksamen, anten i regi av NIH eller med fordjupande heimeoppgåve. Eit av emna har podkast, altså munnleg presentasjon, som del av sitt vurderingsgrunnlag. Variasjonen i vurderingsformer er i sum stor.

Innhold og oppbygning

«Idrett og Samfunn» er bygd opp av seks emne (10 sp kvar), og startar i haustsemesteret med a) historiske perspektiv på idrett. Deretter følgjer b) sosiologiske perspektiv, og c) emnet helse, kultur, idrett og samfunn.
I vårsemesteret følgjer d) idrettsfilosofi, e) leiarskap i idrett (SPM102), og f) idrett og medium. Emnet leiarskap i idrett (SPM 102, digitalt emne) strekker seg over heile semester, medan dei andre emna har kortare tidsbolkar og meir læringsintensive forløp.

Studiemodell

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 3. juli 2024 07:26:16