Reinhald

Serviceerklæring for reinhald

Publisert 5. okt. 2023 09:27

1. Overordna mål

Reinhaldseininga skal levere reinhaldstenester med god kvalitet. Hyppigheit på reinhald og kvalitetsnivå skal fylgje standardar som angitt i INSTA – 800 (nordisk standard for vurdering av kvalitet) med tilpassing til dei ulike bruksområda.  INSTA 800 har ei gradering frå 0–5 der 5 er høgaste kvalitetsnivå som nyttast på sjukehus og liknande.

2. Produkt- / tenestebeskriving 

  • Dagleg reinhald av fellesareal, auditorium, bibliotek, lesesalar, gymsalar, treningsrom, klasserom, garderobar, trykkeri, toalettrom, kjøkken/kantine, laboratorium.
  • Reinhald kvar veke av kontor (tørrmopping, støvtørking, fjerning av flekkar og søppeltømming), tribuneanlegg symjehall, pistolbana, kombihallar.
  • Det er ikkje faste dagar for reinhald av kontorarealer. Årsaka er behov for å omdirigera kapasitet ved stor aktivitet, etter større arrangement og ved sykdomsfråvær.
  • På kontora skal flater større enn eit A4-ark reingjerast. Vinduskarmar reingjerast dersom desse er fri for gjenstandar, og det skal reingjerast opp til ei høgd på inntil 180 cm.
  • Periodisk reinhald av skytebana, kalkfjerning i sanitærområde og ventilasjonsopningar.
  • Hovud-/sommarreinhald av utvalde fellesareal, undervisningsrom, lesesal/bibliotek, møterom.
  • Hovudreinhald elles foretas kun ved kontorflytting eller på bestilling om kapasiteten tillet det, og legges gjerne til jule- /påsketid eller sommarferien. Det foretas ikkje regelmessig hovudreinhald av alle kontorer og andre arealer.
  • Flyttereinhald må bestillast etter dei rutinar som gjeld for NIHs flyttereinhald. 
  • Spesialreinhald må avklarast og avtalast i kvart enkelt tilfelle, og gjeld spesielt laboratorium med spesielle behov for tilpassa reinhald.
  • Ekstraordinært reinhald etter bestilling knytt til arrangement og tilstellingar ved høgskulen.

3. Servicemål

  • Reinhaldsfrekvensar kan tilpassast høgskulens og utleigekontoret sitt behov. Om dette genererer behov for ekstra timar eller overtid, vil det bli fakturert.
  • Fellesareal, toalett og andre sanitæranlegg vert reingjort kvar dag etter kvalitetsnivå 3 eller 4 etter INSTA 800, og avheng av brukshyppigheita. Dette kvalitetsnivået skal gje ei høg visuell oppleving av reingjeringskvalitet. Denne kvaliteten kan opplevast noe forskjellig avhengig av om bygningsmassen er ny eller gammel.
  • Kontorer vert reingjort ein gang per veke etter kvalitetsnivå 3 etter INSTA 800. Lokalet skal sjå reint og pent ut, og er standard for vanleg kontorreinhald. Tilgjengelegheit (ryddig/ikkje ryddig kontor) for reinhaldspersonalet kan være avgjerande for resultatet.
  • På alle felles- og publikumstoalett skal reinhaldspersonalet signere for utført reinhald med dato, og signatur på liste hengjande på døra.

4. Tilgjengelegheit

  • Reinhaldseininga er tilgjengeleg mellom kl. 06.00–14.00 måndag–fredag. Laurdag og sundag normalt fem timar per dag. Reinhald utover dette fakturerast etter avtale.

5. Føresetnader – kva kan den tilsette gjere sjølv?

Generell tilkomst/tilgjengelegheit for reinhald er ein føresetnad for riktig leveranse. Alle tilsette kan sjølv påverke kvaliteten på reinhaldet ved å syrgje for:

  • Ryddig kontor og tilgjengelege gulvflater – flytte på møblar frå veke til veke.
  • Syrgje for at PC og "kabelklyser" heng opp får golvet under kontorpult.
  • Rydde kontoret spesielt godt når du er borte nokre dagar. Heng gjerne ein lapp på døra med beskjed om at du ynskjer reinhald og kor lenge du blir borte.
  •  Du kan kontakte renhold-support@nih.no og bestille ein "dustbuster" og ta eit ekstra sveip på kontoret med den.

6. Tilbakemeldingar

Reinhaldseininga ynskjer tilbakemeldingar på leverte tenestar. Dette forsøkjer vi å ta hand om på følgande måte:
- Seksjonsleiar og reinhaldsleiar går kvalitetskontrollrunde annenkvar uke kor enkelte soner gjennomgåast særskild. Ved kontrollrunde i kontorarealer innhentast tilbakemeldingar fra våre "interne kunder".
- Via e-post til renhold-support@nih.no
- Direkte førespurnader til reinhalder, reinhaldsleiar og avdelingsleiar.
- Reinhalderens dag markerast fyrste måndag i desember, og skal synleggjera viktigheita av reinhald ved NIH.