English version of this page

Kulturkrasj i kroppsøving skyv mange utanfor

Korleis skal ein unngå at så mange, særleg ungdom med minoritetsbakgrunn, føler seg utanfor i kroppsøving? Ikkje enkelt, men kroppsøvingslærarar kan gjere mykje, om dei er vakne.

Av Kjetil Grude Flekkøy
Publisert 24. nov. 2020 07:00 - Sist endra 12. des. 2023 11:24
Jenter spiller basketball

Etnisitet og kultur, familie, religion, kjønn, sosial klasse og interesser - det er svært mykje å ta omsyn til for å få med alle i kroppsøvingstimane, skriv Thorjussen i si doktoravhandling. \ Foto: Shutterstock

  • 14-åringen Lea var særs aktiv på fritida og fortalde gledesstrålande om idrettsdagen nyleg, men likevel føler ho seg ikkje god nok i kroppsøving. Kvifor?

Krevjande mangfald

Det har lenge vore eit problem at mange elevar føler seg marginalisert, særleg minoritetsjenter. Kva ligg eigentleg til grunn for kjensla av utanforskap i kroppsøving? Korleis kan ein få alle med? Er det mogleg?

– Å arbeide med kulturelt mangfald i kroppsøving er utfordrande. Kompleksiteten er stor, likevel er det er fullt mogleg, seier Ingfrid Mattingsdal Thorjussen.

Portrett Ingrid

I doktorgradsarbeidet sitt har ho studert kva som ligg bak og innverkar på elevane sine erfaringar med inkludering og ekskludering i kroppsøvingstimane.

  • 9. DESEMBER forsvarer Ingfrid Mattingsdal Thorjussen doktoravhandlinga si på Noregs idrettshøgskole:«Physical education, diversity and inclusion - students’ narratives of inclusion and exclusion from an intersectional perspective»
  • LES meir om prosjektet...
  • Ingfrid Mattingsdal Thorjussen er tilknytt Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH.

Må forstå identiteten

Ho har fylgd to skuleklassar frå 8. til 10. klasse i kroppsøvingsundervisninga og djupneintervjua 17 av elevane, med både etnisk norsk og med minoritetsbakgrunn. Dei siste hadde bakgrunn frå land i Midt-Austen, Asia, Nord-Afrika og Mellom-Amerika.

  • Mahan (15) treivst godt i kroppsøvingstimane, men ikkje i garderoben før og etter. Han opplevde at dei andre hadde et altfor lettvint forhold til nakenheit, det passa ikkje med hans kultur og intimsfære.

I prosjektet har det vore viktig å forstå eleven i eit heilskapleg perspektiv. Elevane kjem til faget med eit mangfald av ulike bakgrunnar knytt til etnisitet og kultur, familie, religion, kjønn, sosial klasse og interesser dei har på fritida, i tillegg til ulike fysiske føresetnadar. Å forstå korleis dei ulike sidene av eleven sin identitet er av betydning for læring og inkludering i faget, er avgjerande.

– Nærleiken i historiene gjer at mange vil kjenne seg att, trur eg. Samstundes kan dei kvardagsnære erfaringane hjelpe oss å sjå kjente forhold i eit nytt perspektiv.

 

Snever inndeling

– Det er ein stor feil mange gjer, medvite eller ikkje, å dele folk til dømes berre etter om dei er muslimar eller asiatar. Det blir for snevert, meiner ho.

I kroppsøving, for eksempel, er det ei utbreidd oppfatning at det er spesielt vanskeleg å inkludere fleirkulturelle, som muslimske jenter, i situasjonar rundt garderobe og symjeundervisning.

– Dette overskygger både det store mangfaldet av muslimske jenter, korleis fleire sider av deira identitet speler inn – og i tillegg får vi ei snever forståing av kvar og kva tid kulturelle skilnader faktisk får betydning i faget.

Funna frå studien peikar på at einskilde situasjonar i kroppsøvingsfaget utløyser kulturelle spenningar mellom elevane, spenningar som kan verke sosialt ekskluderande.

  • Kristine (15) prøvde å bryte opp etniske linjer i klassen ved tilby seg å vere med sine fleirkulturelle klassevenninner i kroppsøving, men fekk skuldinga «rasist» mot seg.

 

Må våge

Det handlar om å våge å ta opp desse viktige spørsmåla, å problematisere kjønn, likestilling, rasisme, kjønnsdiskriminering og kroppsideal, i tillegg til forhold knytt til religion og kultur.

– Eg trur mange kroppsøvingslærarar tenkjer at desse forholda ikkje bør ha nokon betydning i faget og derfor ikkje legg merke til eller unnlèt å ta tak i dei, seier Thorjussen – og legg til:

– For ein del lærarar handlar det kanskje også om frykt og manglande trening i korleis ein skal ta opp slike tema.

Ho fortel at sjølv om Kristine sjølv avskreiv si oppleving som ein spøk, var det tydeleg frå dei andre elevane sine forteljingar at hudfarge i enkelte høve hadde ei tyding i det sosiale samspelet. – Ikkje minst i kroppsøving.

Hjelp å vere nysgjerrig – og audmjuk

– Men det er ikkje lett å oppdage alt? Særleg for lærarar som kanskje berre ser kvar elev eit par timar i veka, blir det vel vanskeleg både å bli godt nok kjent med elevane og å få den naudsynte tilliten?

– Gode relasjonar er avgjerande for læring og trivsel i faget. Mange elevar i dette faget kjenner seg sårbare.

  • Hasan er aktiv i ein av verdas største ballidrettar, cricket, klassekameraten hans Magnus veit knapt nok kva denne idretten er.

Ho meiner kroppsøvingslærarar har eit ansvar for å kjenne elevane utover dei fysiske føresetnadane og at ein – for å kunne fremje god kroppsleg læring og livslang rørsleglede – treng å ha ein heilskapleg kjennskap til elevane. Dette inneber kunnskap om både kulturell bakgrunn, sosial klasse og innblikk i ungdomskultur og interesser dei har med seg inn i faget.

– Eg trur mykje kan gjerast ved å snakke med den einskilde eller klassen som heilskap, vere nysgjerrig, men samstundes audmjuk og ikkje ta seg sjølv så høgtideleg. Dette er altfor viktig til å la det vere.

Vanskeleg å få inn «sine» ting

Men i undersøkinga seier ungdomane sjølv at kulturell og etnisk bakgrunn er uviktig i kroppsøvingstimane.

– Dette overraska meg, seier Thorjussen. Uavhengig av bakgrunn fortalde elevane at dei ikkje såg det som viktig at læraren hadde kjennskap til elevane sine ulike kulturelle bakgrunnar.

– Det er mykje som tyder på at elevar med minoritetsbakgrunn sjølv opplever at det ikkje kjem noko ut av å ta opp «deira» ting. For elevar med slik bakgrunn kan dét vere vanskeleg å få auge på. Dei er jo del av majoritetskulturen som faget er tufta på.

  • Yasmin droppar av og til heilt ut av kroppsøvingstimane. Den sporty 15-åringen driv med dans og styrketrening på fritida, men i gym føler ho seg utanfor. Historia hennar fortel om ei kjensle av ikkje å være fullt ut akseptert som norsk av klassevenninnene.

Sjølv om elevane i undervisninga ved eit par tilfelle vart introdusert for alternative idrettar, var desse på ingen måte forankra i elevane sine ynskjer og interesser. I intervjua kom det fram at elevane kunne tenkje seg at læraren òg inkluderte idrettar dei hadde interesse for og som ikkje var så «norske».

LES meir: Kroppsøving: - Unge funksjonshemmede må med på egne premisser

 

Må tilpassast betre

– Vi må leggje undervisinga betre til rette slik at alle elevar opplever at nettopp deira bakgrunn er viktig, meiner Ingfrid Mattingsdal Thorjussen. Mange av dei etnisk norske elevane har det allereie slik med dagens kroppsøvingsfag. Mange har bakgrunn frå organisert idrett og frå nettopp dei idrettane som vert brukt og verdsatt i kroppsøvingsundervisninga.

– For mange med minoritetsbakgrunn, er derimot «deira» aktivitetar og idrettar aldri representert. Dette fører så til at dei ikkje forventar noko slikt frå faget; det har jo berre «alltid vært slik».

Forskinga har i fleire tiår peika på at innhaldet og pedagogikken i faget favoriserer dei som er idrettsflinke, gode i ballspel eller sterke og raske.

– Dette er ei utfordring vi må ta på alvor. Kroppsøving heng veldig fast i gamle former, seier ho.

Ifølgje Thorjussen skil kroppsøving seg frå andre fag fordi det er så sosialt.

Kraftig hierarki

Prosjektet avslørte òg korleis etnisitet, sosial klasse og anna hadde tyding for dei sosiale relasjonane mellom elevane på skulen, og vidare kva betydning desse sosiale relasjonane hadde i faget.

I dei sosiale relasjonane var det eit kraftig hierarki knytt til det sosiale og etniske. Yasmin som identifiserte seg sjølv som norsk, opplevde at det å være norsk på skulen handla om utsjånad, klesstil og særskilte veremåtar. Med sin bakgrunn frå arbeidarklassa, foreldra sin kultur og den mørke huda ho var fødd med, opplevde ho å ikkje passe inn. Det førte til at Yasmin tidvis valde å droppe kroppsøvingstimane.

Rike moglegheiter

– Eigentleg, seier Thorjussen, er det fleirkulturelle mangfaldet noko som gjev store moglegheiter. Det er utfordrande, men både læraren og medelevar kan òg lære mykje nytt om både idrett og kultur.

– Kva kan så læraren gjere? Er det nok med prat?

– Prat er viktig, men for å kome dit, må ein òg innsjå at både etniske skilnader og rasisme finst – og det på mange plan. Det må ein klare å bryte opp i.

Her snakkar ho om «den skjulte læreplanen», om at det skjer svært mykje sosial læring mellom ungdom som ikkje har med skulen som sådan å gjere, som haldningar, situasjonen i garderoben eller kva tema eller saker som er verdt å ta opp eller ikkje.

– Ein må klare å sjå når skilnadene bør ignorerast, fordi alle skal behandlast likt, eller takast omsyn til, fordi ungdommane elles kan oppleve det som feil. Kanskje handlar det mest om å anerkjenne skilnadar som noko positivt, men òg å ta det på alvor og vere merksam på situasjonar som kan bli vanskelege. Men da må ein altså våge å spørje og lære.

Kvitt handikap

I klassane som Ingfrid Mattingsdal Thorjussen gjekk inn i, hadde om lag 1/3 minoritetsbakgrunn. Ho brukte lang tid på å bygge opp den naudsynte tilliten for å få innsikt i dei rike historiene til elevane. Mykje kom da også fram godt uti samtalane, fortel ho.

– Hadde ikkje du eit stort handikap her, som kvinne, kvit og særs vestleg?

– Du har eit poeng. Derfor var det også viktig å gje seg god tid. Fleire av elevane med minoritetsbakgrunn, sa først nei til å bli med. Men etter kvart kom tilliten på plass.

Når ein forskar vil ta utgangspunkt i sosiale kategoriar som etnisitet og kjønn, står ein alltid i fare for å reprodusera stereotypiske bilete av einskilde grupper.

– Det har difor vore viktig å vere open for fleire måtar å forstå historiene på. Og ja, eg òg vart fleire gonger utfordra av elevane på forhold eg hadde misforstått.

 

 

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap