English version of this page

Meir fysisk aktivitet set fart i læringa

Du lærer lettare både matte og norsk om du rører deg meir. Sjølv om ein tar tid frå desse eller andre teorifag til fordel for fysisk aktivitet, vil du bli flinkare i desse faga.

Av Kjetil Grude Flekkøy
Publisert 27. apr. 2021 08:00 - Sist endra 15. nov. 2023 16:36
Ungdom spiller fotball i gymsal

Meir aktivitet betrar læringa. Ungdom på Bakkaløkka skole speler fotball. \ Foto: Emil Solli, NIH

Det syner ein ny stor studie der ein har gjeve norske ungdomsskoleelevar to timar meir fysisk aktivitet og kroppsøving kvar veke. Og det gjev betre faglege resultat anten ungdomen driv «klassisk» kroppsøving og fysisk aktiv læring, eller om dei får organisere aktivitetar i rolegare former sjølv.

– Det er ikkje berre nødvendigvis høg puls, men fleire sider ved aktivitetane som spelar inn, seier Runar Barstad Solberg. Han er stipendiat på Norges idrettshøgskole; studien som blei gjennomført i skoleåret 2017-2018 er grunnlag for doktorgraden han snart er ferdig med.

Portrett Runar
Runar Barstad Solberg er stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag. \ Foto: NIH

Funna går på tvers av forslaget der utdanningsministeren vil kutte i kroppsøvingsfaget for å få betre tid til anna læring.

Klar auke

Det viktige i funna handlar om auka fysisk aktivitet, ikkje om kva form den har.

Og det er ingen tvil om at ungdomane som fekk meir fysisk aktivitet i skolekvardagen faktisk blir flinkare i desse to faga samanlikna med ungdommar på skolar som gjennomførte skuleåret som normalt. Elevane i undersøkinga var frå 30 vanlege ungdomsskolar, tilfeldig utvalt blant 3000 skular i alt. Spesialskolar blei haldne utanfor, nettopp for å få ein mest mogleg «normal» målestokk. Ungdomane blei testa før og etter studieperioden; testane sto skolestyresmaktene sjølv for gjennom nasjonale prøver.

– Dei betra resultata sine med to poeng i snitt samanlikna med elevane i kontrollgruppa. Når ein veit at ein gjennomsnitts totalskåre på nasjonale prøver er 50 poeng, er to ekstra poeng over eitt skuleår med ekstra fysisk aktivitet ei god endring, oppsummerer Solberg. Nokre fekk sjølvsagt meir, nokre mindre. – Det er faktisk godt mogleg at auka ville bli enda større om ein får med alle skulane på dette.

Betre uansett form

Ungdomane som var med fekk til saman to klokketimar ekstra fysisk aktivitet kvar veke, der ein time var en ekstra kroppsøving medan den andre var fysisk aktivitet som dels var kobla til teoretiske fag, dels til fri aktivitet. I den lærarstyrte modellen auka aktivitetsnivået ganske mykje, i den elevstyrte modellen auka det knapt noko i det heile. Felles for ungdomane var altså at alle var meir i fysisk aktivitet, men berre dei i den første gruppa anstrengte seg vesentleg meir i sine timar.

– Likevel blei alle betre i både lesing og rekning. Det er heilt eintydig, seier NIH-forskaren.

Forskarane bak studien trur årsaken ligg både i hjernen, det fysiske og i det sosiale. Auka aktivitet stimulerer hjernen, triggar mekanismar i hippocampus i hjernen som så kan gje betre konsentrasjon og læring. Det fysiske er minst like viktig: Når ein får fysiske avbrekk, får gjere ting ein liker, får ein arbeidd med stoff på andre måtar, og læringa i elles stillesitjande fag går lettare.

Løfta kvarandre

– Og om ein får til betre samarbeid mellom kvar einskild, at ungdomane bruker kvarandre meir, anten det er i ein fagleg oppgåve, i dans, sykling eller fotball, kan det hende at dei blir tryggare på kvarandre, seier han.

I den ekstra kroppsøvingstimen blei tida brukt til å øve på andre ting enn det ungdomane allereie var gode i, noko som betra ferdigheitene deira der dei var svake og samstundes skapte nye relasjonar der ungdomane løfta kvarandre.

– Eg trur mange som har hatt utradisjonelle skuletimar kjenner seg igjen i dette; dei hugsar timane som meir inspirerande og det er enklare å hugse lærdomen.

– Må halde på kroppsøvinga

Testane i nasjonale prøver som målte elevane si utvikling før og etter prosjektet viste at elevane auka prestasjonane sine enda meir i matematikk enn i lesing. Årsaken kan ikkje forskarane slå fast.

– Uansett viser det kor viktig fysisk aktivitet er for læringa. Ut frå ein reint fagleg, ikkje-politisk ståstad bør ein basert på våre resultat ikkje fjerne kroppsøvinga som obligatorisk fag. Ein bør heller auke mengda, og ein bør tørre å ta av tida til teoriundervisinga.

Ny kabal

– Dette høyrest jo enkelt ut. Berre å bytte ut ein time norsk og ein time matte i veka med kroppsøving. Kanskje berre bake meir aktivitet inn i teoretiske timar. Kor enkelt er dette i praksis?

– Det mest opplagte, å leggje til ekstra timar, er nok det vanskelegaste, meiner han. Skolane i prosjektet måtte leggje til ein ekstra kroppsøvingstime og fekk 900 kroner for kvar elev til dette. Fleire timar vil altså auke driftskostnadane for skolane, og mange stader må òg til dømes skoletransporten leggjast om. Men han meiner en slik timeauke ikkje er nødvendig.

– Skolane måtte i tillegg øyremerke fem prosent frå andre teoretiske fag til fysisk aktivitet, fortel han. Deler av aktiviteten blei bakt inn i ein eller fleire teoretiske timar gjennom eksempelvis fysisk aktiv læring.

– Dette kan bety at lærarane og skolane delvis må leggje ein ny timekabal. Men nettopp dette, å fornye seg, er jo noko skolen og lærarane bør vere åpne for. Når vi veit at ungdom lærer og hugsar betre med meir bevegelse, oppfyller det jo også hovudmålet for lærarane. Og når både lærarar og ungdommar generelt også er så kreative som dei er, kan dette munne ut i eit godt løft for norsk skole og ungdomane våre.

Emneord: Institutt for idrettsmedisinskfag