Ny forsking på unge langrennsløparar: – Leik gir same effekt som intervall

Funna våre viser at puberteten er den viktigaste faktoren for utvikling av kondisjon, seier forskar. – Kan bety mykje for å motverke fråfallet i langrennsporten, meiner langrennstrenar.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 30. okt. 2023 07:00 - Sist endra 20. nov. 2023 13:52
Trenar snakkar med utøvar før økt.

Petter Rinde Øverland har trena ungdomar i Oslo-klubben Koll i mange år. Han blir både overraska og glad når han høyrer at forsking viser at leik kan vere like bra som hard trening tidleg i ungdomsåra. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø/NIH

– Eg blei overraska. Må nok seie at eg hadde trudd det skulle bety meir å trene med høg intensitet i den alderen.

Petter Rinde Øverland rekk ein prat i haustkulda før juniorane hans skal ut på haustens store motbakketest.

Viser at leikbasert trening fungerer

Han har mange år bak seg som ungdomstrenar for ivrige langrennsløparar i Oslo-klubben Koll.

Også for 12-åringar som akkurat denne studien er gjort på.

Nå har han akkurat fått høyre om den siste forskinga frå NIH som viser at tøff motbakketrening som juniorane hans er ute på kveld, ikkje nødvendigvis gir betre kondisjon for 12-13 åringar.

– Det viser jo at leikbasert trening kan fungere godt, det blei eg glad for å høyre. Det tenkjer eg er viktig i den alderen. Målet jo må vere å få med flest mogleg, lengst mogleg, seier Øverland.

Oppvarming jenter og gutter løper
Langrenn slit som mange andre idrettar med fråfall i ungdomsskulealder. Denne forskinga som viser at ein ikkje treng å starte med systematisk hardtrening i denne alderen, kan bety at ein klarer å behalde fleire lenger i idretten.

To grupper fekk forskjellig opplegg

Stipendiat Halvard Grendstad forskar på vekst, modning og trening i puberteten ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH. I denne studien fylgde dei tre grupper med 12-åringar (begge kjønn) over åtte veker i oppkøyringa til ein ny vintersesong (september til november). Totalt 59 deltakarar var med.

Langrennsløperane hadde fire treningsøkter i veka, men det var ein stor forskjell på kva dei gjorde på to av desse øktene:

  • Gruppe 1 hadde to intervalløkter med høg intensitet. Dette var tradisjonell langrennstrening i sesongoppkøyring med hovudvekt på motbakkeintervallar.
  • Gruppe 2 hadde leikbaserte aktivitetar på roleg intensitet og enkel styrketrening.
  • Gruppe 3 var ei kontrollgruppe med 12-åringar som ikkje dreiv med langrenn og var mindre aktive enn dei to andre gruppene.

Gruppe 2 fekk også instruksjonar på at dei heller ikkje fekk trene intervall eller anna trening med høg puls utanom fellesøktene med klubben.

Alle løparenes trening blei fylgd tett i perioden ved hjelp av treningsdagbøker. Før prosjektet starta og etter vekene med dei to forskjellige treningsopplegga var dei inne på NIH til testing av maksimalt oksygenopptak.

Mange løpere på startstreken med startnummer
Hard motbakketrening treng ikkje å vere nødvendig for dei yngste ungdomane, viser ny NIH-forsking. Her er eldre juniorar frå mange Oslo-klubbar i gang med testløp i oppkøyringa til ny sesong.

Resultata overraskar nok fleire enn langrennstrenaren i Koll.

– Det var ingen forskjell mellom dei tre gruppene. Endringane var heilt like, og dei aller fleste deltakarane såg ut til å auke sitt maksimale oksygenopptak, fortel Grendstad. 

Les meir: Barn som har hatt kreft er for lite aktive: Tuva følte ho alltid hang etter

Hjartet veks i puberteten

Gruppa som hadde trena harde intervalløkter gjennom heile hausten hadde altså ikkje fått betre kondisjon enn dei som hadde leika på trening. Og heller ikkje enn kontrollgruppa som gjorde svært lite trening.

Kva skuldast det? Perioden desse utøvarane er på veg inn i kan vere årsaka, meiner forskarane.

– Dei endringane som skjer i kroppen i puberteten, er mykje av dei same endringane som skjer når me vaksne trenar uthaldenheit. Hjartet veks og pumper meir blod, og blodet transporterer meir oksygen til musklane som jobbar. Det vil seie at desse ungdomane får dei same effektane av å vere i vekst, som ein kan få av å trene intervall, forklarer Grendstad.

Portrett halvard
Halvard Grendstad er stipendiat på Institutt for fysisk prestasjonsevne og forskar på vekst og kondisjon i puberteten.

Les meir om prosjektet: Vekst, modning og trening i puberteten

Spørsmålet dei stilte seg var om ein kunne få enda meir ut av treninga, enn den utviklinga ein får av puberteten. Denne studien viste at gruppa som trena hardt faktisk ikkje gjorde det.

Grendstad meiner at desse funna kan gjere det lettare for både langrennsklubbar og andre idrettar å ta vare på ungdomane lenger. Spesielt i alderen 12-14 år der puberteten gir ein størst drahjelp i utviklinga av kapasiteten.

– I denne alderen treng ein ikkje vere så systematisk i tilnærminga til trening som mange kanskje tenkjer. Det er viktig å ta vare på leiken så lenge som mogleg, også i oppkøyringa til sesongen. Mange stressar mykje med oppkøyring, men denne studien viser at det kan viktigare å bruke tid på å trene på teknikk, koordinasjon og styrke, seier han og legg til:

– Ein kan for eksempel forbetre prestasjonen på ski med å trene teknikk og koordinasjon, slik at ein kan gå betre og “billegare”. Som ein også kan gjere med leikbaserte aktivitetar, meiner Grendstad.

Les meir: Trur du konkurrenten din har betre ski enn deg? Da kan du prestere dårlegare

Han fortel at fleire foreldre var svært skeptiske til at barna i den eine gruppa ikkje skulle få lov til å få høg puls på trening i prosjektperioden.

– Det ligg nok i botn hos mange at ein må trene intensivt for å bli betre. Vi skal ikkje seie at ein ikkje skal trene intervall i det heile tatt, men det viktigaste er å trene variert og allsidig. Ungdom i den alderen ikkje må trene som Klæbo og forbilda på landslaget gjer i sesongoppkøyringa. Kroppen til ein 12-åring er heilt forskjellig frå vaksne, og fokuset på å forbetre kapasiteten treng ikkje å vere viktig i denne alderen.

Foreldretrenarar køyrer hardare opplegg

Ved bautaen på Midstuen i Oslo har ungdomar frå dei fleste store skiklubbane i Oslo gjort seg ferdig med oppvarminga. Petter Rinde Øverland gir dei siste instruksjonane før pulsen skal nærme seg maks for over 30 ivrige juniorar.

Etter mange år i langrennsmiljøet, også som aktiv utøvar sjølv, veit han at det er mange som trenar hardt og seriøst frå tidleg alder.

– Det er veldig forskjellig på kor mykje ein prioriterer leikbasert kontra intervallbasert i den alderen. Det kan nok vere litt ut frå om ein har foreldretrenarar eller betalte trenarar. Foreldre som gjekk på ski på 80-90-talet og er vant til å trene hardt, har nok ein tendens til å køyre det same systemet på ungane sine. Da kan det bli ganske tøft, seier Øverland.

Samtidig er han klar på at det ikkje berre kan vere leik.

Løpar snakkar med trenaren sin før økt
Lars Sparrevik er junior og trenar sjølv 12-åringar i klubben. Han hugsar sjølv at han var meir glad i leik enn hardtrening som 12-åring.

– Dei skal jo gå skirenn på vinteren, så eg tenkjer det kan vere greitt å ha hatt nokre tøffe økter. Men eg har trua på ei blanding med både leik og høgintensitetstrening. Viss ein klarer å ha morosam leik der ein lurer inn litt høg puls i stafettar for eksempel.

Øverland er einig med forskarane om at det kan ha noko å seie for fråfallet som langrennssporten stadig slit meir med. Han trur harde intervalløkter ofte kan føre til fråfall.

– Denne forskinga kan bidra til at vi blir meir bevisste på at også lågintensitetstrening kan fungere. At ein ikkje treng å vere redd for å ha leikbasert trening i aldersgruppa 12-14 år. Nå kan vi trenarar faktisk argumentere for at det ikkje er så stor forskjell om ein trenar nokre økter med lågintensitet, seier Øverland og gir nokre siste beskjedar til ein utøvarane sine som også har fått prøve seg som trenar for yngre utøvarar.

Lars Sparrevik hugsar sjølv at han ikkje var glad i å trene intervall da han var på alder med 12-13-åringane han sjølv trenar i Koll.

– Det var eigentleg ikkje før eg blei 15/16 år at eg synest det blei gøy å springe intervall. I gruppa eg trenar nå har vi mykje leik. Vi prøvar å ha det moro på trening med stafettar, og legg både høg intensitet og styrke inn i det, seier han like før pulsen blir skrudd opp mot maks i haustmørket opp mot Holmenkollen.

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne, Langrenn