Fekk pris for forsking på delte magemusklar

Sandra Gluppe har med si forsking vore med på avlive myten om at det er farleg å ta sit-ups for nybakte mødrer. Nå har NIH-stipendiaten fått den anerkjente PEDro-prisen under verdskongressen i fysioterapi.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 30. juni 2023 08:33 - Sist endret 26. jan. 2024 10:16
Bildet kan inneholde: smil, dagtid, himmel, bygning, tre.

Gluppe fekk prisen på verdskongressen for fysioterapi som nyleg blei heldt i Dubai. Foto: Kristina Skaug.

Ho har akkurat kome heim frå kongressen i Dubai med ein overraskande pris i bagasjen.

– Eg fekk sjokk da eg høyrte det. Utruleg gøy å få ein slik pris spesielt på grunn av det viktige temaet og funna me har gjort, seier Sandra Gluppe.

Mykje feilinformasjon i SoMe

Det har vore mykje feilinformasjon rundt delte magemusklar etter fødsel. Mellom anna i sosiale medium.

Noko som har motivert Sandra Gluppe i forskingsprosjektet som ho starta tilbake i 2018.

– Det har vore veldig fint å endeleg kunne dele resultata våre og bidra til at riktig informasjon kjem ut til gravide og nybakte mødrer. Me vil jo at kvinnene skal få betre oppfylging etter fødsel. Da er det også veldig moro å få ein pris for forskinga.

Hør Sandra fortelle om prosjektet i NIH-podden

Har vore redde for sit-ups

Prisen får ho for beste RCT (randomisert kontrollert studie). Dette er ein av dei gjevaste prisane ein kan få innanfor fysioterapifaget.

Sjølv har ho ikkje fått ein formell grunngjeving frå komiteen, men da ho snakka med dei såvidt i Dubai la dei vekt på at dette er resultat som kan brukast rett ut i klinisk arbeid.

Fysioterapeutar kom også bort til ho og sa at nå skal dei slutte å seie til pasientane sine at dei ikkje skal ta sit-ups. Myten har vore utbreidd både blant treningsprofilar og blant fagfolk.

– Mange har vore redd for å gjere sit-ups og har trudd at distasen (delte magemusklar) blir verre. Noko det ikkje gjer. Avstanden mellom magemusklane er heller ikkje så farleg. Me må fokus over på funksjon, og ikkje utsjånaden på magen, meiner Gluppe.

Tre personar står saman på kongress.
Sandra Gluppe saman med mellom anna hovudrettleiar og professor på NIH, Kari Bø på kongressen i Dubai.

Mange har bidratt

Nå er ho tilbake i jobb som fysioterapeut på Nøtterøy. Avhandlinga er levert, og tidleg i haust ventar disputasen på NIH.

Prisen gir god motivasjon i innspurten

– Det er stort fordi det også er så mange andre som har bidratt for å få dette til; kvinner som har stilt opp til testing midt i permisjon, dyktige kollegaer, familie og vener, for å nemne noko.

NIH gratulerer og ser fram til å dele fleire av resultata hennar til hausten.